Strilen / Leiar / Ei bru for framtida
Brukernavn 
Passord 
 

Ei bru for framtida

Fredag vart bruspennet løfta på plass over Brandangersundet, noko som var helsa med flagg både på Sandøy og på Gulen-fastlandet.

Publisert 07.09.10 11:30
Endret 07.09.10 11:25

Brua betyr ei ny tid for ytre delar av Gulen. Om nokre månader skal brua opnast for trafikk, og ein epoke med ferjereiser er over. Ferjeleiet i Skipavik på Sandøy skal leggjast ned, og ferja over Fensfjorden vert ei rein pendelferje Sløvåg - Leirvåg.

Regionen vår har mange bruer, og Gulen har sin del av desse. Skipavik er ikkje det første ferjeleiet i ytre Gulen som er lagt ned. Også til Gråvika på Byrknesøy har det tidlegare gått ferje. Øyane i Gulen er bundne saman ei etter ei.

Der ein tidlegare måtte bla i ferjeruter, og kanskje leita etter overnatting i tilfelle siste ferja hadde gått, kan ein i dag kjøra over bruer frå øy til øy. Arbeidskraft, varer og turistar kan når den siste brua opnar, fraktast ferjefritt til og frå mellom øyane og resten av verda.

Brua vil ha gode ringverknader for folk i ytre Gulen. Serverings- og overnattingsstaden Skjerjehamn kan venta seg ein oppsving i gjestetalet, sjølv om storhendinga Utkant-festivalen alt i dag er så vellukka at det knapt er plass til fleire. Laks som skal frå Gulen og ut i verda vert ikkje avhengig av ferjetider. Allereie populære hytteområde vert nok meir populære når øyene ikkje har ein nattestengt veg, slik ferja i realiteten er.

På den andre sida medfører nye og betre kommunikasjonar også ei utfordring i det å halda aktivitet og busetnad oppe i ytre Gulen. For dei kommunale tenestene innan eldreomsorga, og på sikt også for til dømes ungdomsskuletrinnet, kan brua føra til ei sentralisering.

Kortare reisetid ut til øyane betyr også kortare reisetid andre vegen, og det opnar for samanslåing til færre og større einingar. Det er ei utvikling som øyfolket får med på kjøpet når brua opnar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler