Strilen / Leiar / Ein plan er første bod
Brukernavn 
Passord 
 

Ein plan er første bod

På Fedje jobbar ei hamnegruppe med planar om ei ny hamn i Moldøyosen nord på øya. Håpet er å få til ein lokal forsyningsbase som kan gje nye arbeidsplassar.

Publisert 19.02.10 09:17
Endret 17.02.10 16:39

Gruppa tar sikte på å leggja fram forslag til arealplan som kan gå inn som ein del av kommuneplanen. Den skal kommunen revidera i løpet av året. Gruppa vil også leggja fram ein marknadsplan om grunnlaget og interessa for å satsa.

Dette initiativet er svært lett å forstå. Rundt seg ser Fedje blomstrande industri på Mongstad og i Øygarden. Forsyningsbåtar og andre skip går nærmast i stim forbi øya, blant anna mellom Mongstad sør og felt i Nordsjøen. Det høyrer til unntak at noko av denne trafikken legg att ei krone på Fedje.

På Byrknesøy kunne ordføraren nyleg klyppa snora for Byrknes Auto sitt nye anlegg som gjev fleire nye arbeidsplassar. På Fedje står ikkje sterke aktørar i kø for å satsa, men øya si ­sentrale plassering bør vera eit godt argument. Ønsket om å satsa på ny hamn og ein forsyningsbase er fullt ut forståeleg i ein kommune som slit med fråflytting.

Me veit ikkje korleis grunneigarane ved Moldøy­osen stiller seg til å avstå areal for ny hamn. Slike planar kan eventuelt også møta motstand frå folk som bur i nærleiken. Ei regjering som er sterkt opptatt av å verna strandsona, kan også koma til å setja foten ned via Fylkesmannen.

Det som vert meir og meir tydeleg, er at Fedje treng eit løft med nye arbeidsplassar. Det må verta stødige arbeidsplassar enn dei som gav kommunen eit mellombels løft på 90-talet. På oss høyrest det fornuftig ut med ein lokal forsyningsbase som kan tilby bunkring, proviant og andre tenester.

Men det hjelper lite om det ikkje er ein stødig aktør som ser grunnlag for ein slik base i konkurranse med det tilbodet som er på marknaden frå før. Politikarane bør få avklart både stemninga og grunnlaget for ei ny hamn, eventuelt med ein forsyningsbase. Denne debatten er det naturleg å ta som ein del av arbeidet med ny kommueplan.

Skal Fedje koma vidare med ein eventuell base eller ei større reiselivssatsing, må det skje i strandsona. Og som med nye vegar, kjem det ikkje ein einaste meter utan at ein reguleringsplan er godkjend. Skal Fedje ha ein sjanse til å snu utviklinga og ikkje enda opp som ein av landets aller minste kommunar i folketal, må politikarane finne eigna areal i strandsona.

Dette arealet må Fylkes­man­nen godkjenna, både som ein kommuneplan og seinare i form av regulerings­planar dersom det er eit ønske frå Fedje-samfunnet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler