Einebustader er svaret
Radøy sin bustadpolitikk er for tida under debatt, blant anna gjennom avisinnlegg mellom lokale politikarar.
Endret 20.08.10 17:12
Utgangspunktet for den er ønskjet om eit lite bustadfelt i Risneskrisen. Det er eit innspel til den nye kommuneplanen som ordføraren og resten av styringsgruppa ikkje har funne plass til i første omgang. Ein av grunnane til det ser ut til å vera at området vil gripa inn i strandsona.
Den faktiske utviklinga viser at Radøy har om lag same folketalet i dag som for 20 år sidan. Ærleg talt er ikkje det så mykje å skryta av, når Radøy marknadsfører seg som ei grøn øy og ligg tett opp til dei to vekstkommunane Lindås og Meland.
Litt av svaret ligg i at politikarane på Radøy har vald å prioritera ein grøn profil ved å seia nei til mange søknader om å få byggja på strøtomter. Ikkje alle radværingar som flytta innover til Lindås er sinte på heimkommunen av den grunn – men nokså mange. Dette er ei prioritering Radøy har gjort.
Elles trur me kommunen bør leggja meir arbeid ned i å få til mindre, lokale byggjefelt. Det ei oppskrift Masfjorden har hatt suksess med i det siste. Men å få det til krev truleg meir enn fagre ord og rett farge i ein kommuneplan. Det kan krevja ei viss hjelpande hand økonomisk frå kommunen, ein politikk fleirtalet i kommunestyret må avklara om det er fleirtal for.
På Manger og i Austmarka har kommunen i stor grad stolt på private utbyggjarar. Så langt har det fungert best på Manger. Ved Sæbø-kyrkja står rekkjeleilegheiter som eit døme på eit prosjekt der ein privat utbyggjar knekte nakken. Den typen hus vil sikkert slå litt betre an i Austmarka Øvre, eit større område tett ved den nye Sæbø-skulen der oppstart har drege ut i tid og der Oddbjørn Tveiten valde å selja seg ut.
Men vårt tips er at tomter frå einebustader vil selja betre. Det kan henda prislappen for området så langt krev ei tettare utnytting, men kjem det då nok kjøparar? Me trur fleire tomter for einebustader er svaret om Radøy skal både behalda fleire av sine eigne innbyggjarar og få folk utanfrå til å slå til. Då må både administrasjon og politikarar koma meir på bana. Til no har begge partar vore for passive.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






