Eit løp for alle
Prestasjonen til dei som kjem sist, er gjerne ikkje mykje mindre enn for vinnaren. Det er deltakinga som tel, ikkje nødvendigvis kor kjapt ein gjennomfører.
Endret 09.09.10 12:25
Knarvikmila 2010 vart avvikla i strålande solskin, og heile Knarvik yra av liv både laurdag og søndag. Laurdagen starta med eit nytt tilbod. Saman med Nordhordland turlag laga Knarvikmila til «knøttemil» for dei aller yngste, ei løype på 300 meter inne på Knarvik stadion. Seinare laurdagen var det først minimil og seinare halvmaraton, og sjølve Knarvikmil-søndagen var det så naturløype, femkilometer og tikilometer. Når ein også tek med seg ungdomsløpet torsdag, for elevar i ungdomsskulen, vippar deltakartalet over imponerande sju tusen.
Det tradisjonsrike arrangementet fornyar seg stadig. Nytt i år var altså knøttemila, men også ein turmarsj frå Bryggen i Bergen via gamle ferdsleruter og nye bruer, til mål i Knarvik. 360 deltakarar på eit heilt nytt tilbod er bra, og lovar godt for neste år. Deltakartalet på 10-kilometer (464) og 5-kilometer (545) er også bra, og til det relativt ferske halvmaratonløpet var det i år 226 utøvarar som kom til mål. Halvmaratonløpet samlar deltakarar frå heile landet, og også frå utlandet.
Det er bra at folk kjem seg ut i løypene, anten det no er med eller utan tid. Det kan vera mange gode grunnar til å ikkje prøva seg på deltaking med tid, anten det er helsa som set grenser, eller ein har kanskje borna med seg på tur. Men for dei som har høve til det, er det ei fin utfordring å prøva seg på ein av «konkurransedistansane». Løpet er eit mål å trena til, og det er gjerne litt lettare å pressa seg når ein veit at klokka går.
Rundt kvart eit lunsjbord vert det snakka mykje om vekt, og alskens slankekurar verserer. Eit godt kosthald er sjølvsagt viktig, men like viktig er det å halda seg i aktivitet. I Knarvikmil-løpa var det også med deltakarar som ikkje alt er i toppform, men som nok brukar løpet som eit delmål på vegen for betre helse. Prestasjonen til dei som kjem sist, er gjerne ikkje mykje mindre enn for vinnaren. At løparar som brukar opp mot tre timar på halvmaraton kjenner seg velkomne i Knarvikmila, er eit teikn på at løpet verkeleg lukkast i å vera eit arrangement for alle.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






