Strilen / Leiar / Eit spel med pasientane
Brukernavn 
Passord 
 

Eit spel med pasientane

Del | |

Frå 1. januar må pasientar på sjukehus rekna med å verta utskrivne tidlegare enn før. Det er ein viktig del av første etappe i den nye Samhandlingsreforma.

Publisert 13.01.12 17:47
Endret 13.01.12 17:41

Dei fleste som vert skrivne tidleg ut, vil kommunane ta imot på sjukeheimane sine. Har dei ikkje ledig plass, må dei punga ut med 4000 kroner døgnet inntil dei tek mot pasienten.

Me er usikre på kva følgjer reforma vil få, men inntil vidare går me ut frå at dette på sikt vil verta eit framsteg. Likevel må me setja ein del spørsmålsteikn ved måten kommunane i Nordhordland vil ta imot unge og eldre pasientar som kjem tidleg ut frå sjukehus. Ei ledig seng på ein sjukeheim, er alternativet dei fleste stader. Det kan fungera godt for pasientane. Men fell det i like god jord hjå eldre og deira pårørande som lenge har vore på jakt etter sjukeheimsplass? Me tvilar på det. Strilen har og oppfanga at det er kommunar der det kanskje ikkje er ledige plassar på sjukeheimen. Då er alternativet at den som ikkje er heilt frisk, må heim og få hjelpe der frå heimesjuketenesta. Er det godt nok? Me er ikkje heilt overtydde om det.

Første fase av den nye reforma kan verta eit spel med pasientane si helse som innsats. Me håpar det ikkje kjem døme på at for tidleg utskriving frå sjukehusa tek liv. Ansvarsfordelinga mellom kommunane og sjukehusa skal opp som sak i kommunestyra «i løpet av kort tid» melder Strilen 10. januar. Me synest det vitnar om slendrian og manglande respekt for dei som vert pasientar at ikkje ein slik avtale var på plass før nyttår. For Nordhordland kjenner me oss sikre på at det som best kan sikra tidleg utskrivne pasientar, er eit såkalla lokalmedisinsk senter. Det har politikarane snakka om i fleire år, og saka er no lova på kommunestyra sine bord før sommaren. Me har forståing for at kommunane held att for å sikra seg mot å verta taparen i eit økonomisk spel med staten. Men er det slik me vil ha det? Det trege tempoet i reforma vil i stor grad enda opp med at pasientane vert den tapande part.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler