Eit viktig og vanskeleg ansvar
Meland kommune hadde inntil nyleg planar om å gje grønt lys for ein ny privat barnehage på Mjåtveit. No har det kome nye tal frå administrasjonen som gjer at planane om «Drømmehagen» for 100 born vert sett på vent eitt år.
Endret 23.01.12 17:12
Siste oppteljing viser at det «berre» er 50-60 born som treng plassar. Formannskapet sitt råd er difor å utsetja bygginga, som skal skje i privat regi på ei tomt kommunen eig.
I formannskapet hevda enkelte at det er pinleg at kommunen ikkje har betre oversikt over talet på barnehageborn. Den kritikken synest me er litt lettvint. Skal ein privat aktør investera i ein barnehage for 100 born, er det ei satsing der ein må vera sikker på grunnlaget. Då må det vera ein dialog mellom utbyggjar og kommunen. Når finrekning viser eit lågare barnetal, er det administrasjonen si plikt å varsla om dette. Like klart er det politikarane sitt ansvar å ta ei avgjerd.
Kvar enkelt kommune pliktar å stilla barnehageplass til born med lovfesta rett på plass. Det er ei kjerneoppgåve der ein ikkje må svikta. Det gjeld både kommunar som slit med fråflytting, og vekstkommunar, som me har begge deler av i vår region.
Meland sikra i fjor plass til alle som hadde lovfesta rett på plass. Samstundes har kommunen ei venteliste med born som per no ikkje har hatt slik rett. Behovet for fleire plassar kjem når desse borna vert eldre, og med tilflytting av nye barnefamiliar. I tillegg har Meland 34 born i barnehagar i andre kommunar.
Med det tempoet nye bustader vert bygde, tvilar me ikkje på at kommunen treng 100 nye plassar i løpet av eit par år. Formannskapet fekk opplyst at «Drømmehagen» ikkje kan byggjast i to steg. Ein nær føreståande søknadsrunde vil gje ein oppdatert peikepinn på behovet.
Kommunen må vera sikker på at det er plassar nok til dei med lovfesta rett. Og for born som ikkje har slik lovfesta rett, vil ein barnehageplass bety mykje for familiar der begge foreldra skal ut i arbeid etter endt permisjon.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





