Endeleg skjer det noko!
«Kulturhus i Knarvik» heiter det i ei kort melding i Strilen tysdag.
Endret 18.08.10 18:12
I neste veke skal formannskapet i Lindås finna kandidatar til ei tverrpolitisk arbeidsgruppe som skal sjå nærare på kulturhus i Knarvik. Gruppa skal leggja fram forslag på kor huset skal stå, og kva behov det skal dekkja. Saka skal opp i kommunestyret 16. september.
La det vera sagt med ein gong: Dette er eit viktig initiativ som gjer oss håpefulle. Knarvik vart utpeika som regionsenter i Nordhordland i 1965. I år er det faktisk 45 år sidan. Når ein ser på kva andre regionar har av kulturhus, vert me nokså flaue på vegner av både Lindås og nabokommunane. Likevel er det lite konstruktivt å gremma seg over det som ikkje har skjedd. Me gler oss i staden over at «storebror» Lindås no ser ut til å ha bestemt seg for å trakka til. Me helsar velkomen eit kulturhus i Knarvik,
Enkelte vil kanskje meina at det ikkje kan vera rett å leggja ned småskular og starta planlegginga av eit stort og kostbart kulturhus i Knarvik. Frå vår side synest me det vert feil tankegang. Knarvik treng eit spennande kulturhus med fleire funksjonar.
I første omgang vil me ikkje låsa oss til kva funksjonar som bør koma med. Me hadde håpt at Lindås kunne fått med nokre av nabokommunane, men er usikker på kor enkelt det vert. Men i praksis vil bygget, om det kjem, vert ei storsstove som mange i Nordhordland vil nytta seg av - kanskje som innbyggjarar av Nordhordland kommune om ti års tid.
Målet må vera å få eit hus opp før 2020. Når sentralt areal i knarvik snaret skal disponerast, er det nærmast livsviktig at kulturhuset får ei god og romsleg tomt. Lindås bør tenkja stort og spela på lag med både regionale og sentrale styresmakter.
Etter vår meining skadar det heller ikkje å vurdera om lokalt næringsliv har interesse av å gå inn med kapital som kan medverka til ei sunn økonomisk drift av huset.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






