Få det til!
«Dette får de til viss de berre vil». Det var det klare rådet frå det opne møtet om snøggbåten på Frekhaug førre veke.
Endret 18.01.12 16:47
Rådet går til fylkespolitikarane, som sit på pengesekken til kollektivtransporten. Dei vert bedne om offentlege midlar for å sikra den private drifta av båten som har starta opp på Knarvik-Frekhaug-Bergen. Spørsmålet vart teke opp som del av ei sak Samferdselsutvalet drøfta i går, og som går vidare til fylkesutvalet 26. januar.
Pendlarlaget sitt råd er forståeleg, men eitt av problema så langt er at det har kome færre brukarar enn ein håpa på. Forklaringane er fleire: Høgare billettpris enn med bussen, ingen samordna takst for dei som har løyst busskort, ingen buss til kaiane og at båten går til Nøstet og ikkje til sentrum.
I ettertid ser ein at dette har slått ut mot BNR, som vart pålagt å starta ruta dei hadde fått konsesjon for, men utan offentlege midlar. Det vert eit tilbakesteg for det lokale kollektivtilbodet om selskapet må avvikla ruta berre etter eit par månader. Me håpar difor det kan finnast dekning på fylkeskommunen sitt budsjett for vidare drift i 2012.
Argumenta mot å bla opp desse pengane er klare nok. Det viktigaste er at BNR har satsa på å driva ei kommersiell rute og ber om tilskot i etterkant. Det juridiske ser me ikkje som det største problemet – at BNR får ei rute med offentleg tilskot som ikkje har vore ute på anbod. Andre aktørar kan reagera på dette, men skal tilbodet verta vidareført, må det juridiske kunna koma på plass så raskt som råd, gjennom ein anbodsrunde.
Det avgjerande i denne saka er at tilbodet må få sjansen i meir enn to månader. Me håpar fylkesutvalet kan gjera godt nok politisk handverk til å få det til. Sjølv om kollektivtilbodet er fylket sitt ansvar, synest me og at Meland og Lindås kan vurdera kva dei kan bidra med i ein vanskeleg oppstartfase. Her må alle vera kreative. Om kommunane brukar nokre kroner i dag som påverkar talet på reisande positivt, kan det vera ei god investering for framtida.
Både søre delen av Lindås og Meland vil verta meir attraktive buområde for tilflyttarar, som ser at båt kan vera ein betre reisemåte for dei enn buss og privatbil.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






