For fort og lite planlagt?
Komande måndag kan pendlarar og andre gleda seg over at dei igjen kan ta snøggbåt til og frå Bergen.
Endret 01.12.11 10:26
Nye politiske vedtak gjer at ruta vert starta opp av det private selskapet BNR. Det som er klart, er at reisande i første omgang må betala meir enn det kostar med bussen til og frå Bergen.
Prisen er ein grunn til at me føler ruta startar på eit grunnlag som ikkje er det aller beste. Mangel på kortsamordning med buss er peika på frå det lokale pendlarlaget. BNR har ikkje bede om subsidiar frå det offentlege, men kompensasjon for det bussbilletten har vorte redusert med dei siste åra. Det har fylkespolitikarane litt skuffande sagt nei til.
Eit anna minus er at det ikkje har vorte tid til å setja i stand venteskuret på kaien i Knarvik. Dermed vil dei reisande her i første runde få tak over hovudet for verken heftig regn eller ein lun stad å venta når minusgradene måtte setja inn.
Eit tredje minus er mangel på tilbringarruter, også det trekt fram frå pendlarforeninga. Når pendlarane reagerer på det dei ser som sviktande tilrettelegging av båtruta, er det eit illevarslande teikn. Så vidt me kan sjå, er det politiske handverket for dårleg og prega av hastverk.
Difor er det spannade å sjå kva dei første vekene vil bringa av trafikk. Ei fersk brukarundersøking lovar godt. Svært mange er positive og seier dei vil bruka snøggbåten dersom den kjem tilbake.
No er tilbodet her raskare enn nokon kunne tru. Då er det berre å håpa det beste, og at ein del pendlarar vil prioritera båt sjølv om den er dyrare enn buss. Skulle BNR som privat aktør tapa på ruta, kan ingen forventa at selskapet vil halda fram særleg lenge. Me håpar det ikkje vil skje. Men skulle det skje, håpar me dette ikkje fører til at tilbodet støvar ned for mange år framover.
Bilkøar inn til Bergen må vera eit solid argumentet for at ein snøggbåt er liv laga. Går snøggbåten alt no i pluss, er ikkje noko betre enn det. Men også då bør ein lytta til pendlarane og prøva å få retta opp dei minusane som er peika på. På sikt må ein og vurdera om ei slik rute vil vera best tent med ein stoppestad i staden for både Knarvik og Frekhaug.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






