Strilen / Leiar / For lettvint
Brukernavn 
Passord 
 

For lettvint

Del | |

Sveitserhuset i Meland skal leggjast ut for sal til private. Det vedtok eit nokså klart fleirtal i kommunestyret førre veke. Huset er eit av fleire i eit historisk miljø på Holmeknappen.

Publisert 21.09.09 17:15
Endret 21.09.09 17:15

Tidlegare hadde kommunen bestemt at det å ta vare på kulturminna i området skulle vera eit kulturhistorisk satsingsområde. Kommunen og private skulle samarbeida om å setja i stand dei eldre bygningane. I den seinare tid har mykje stoppa opp, trass fine ord.

Frå vår side synest me vedtaket om sal er trist og ei falitterklæring i høve til det styrande organ i Meland har hatt som utgangspunkt. Holmeknappen er ein stad der det er gjort mykje for å ta vare på historia.  Først og fremst gjeld det Holmestova og Sjøbua.

På kaien har private medverka til å ta vare på miljøet frå tidlegare tider. I ein innflyttingskommune er det viktig å ha slike miljø, der innflyttarar og nye generasjonar kan læra om og oppleva «farne tider». Eit døme på det er at dampen «Oster» kan leggja til kai kvar haust og skapa ekstra stemning på Kystsogedagane. Fleirtalet i Meland slår fast at kommunen ikkje har lukkast og at det er på tide å gje andre sjansen. Det synest me vert litt for lettvint.

Me håpar at dei fleste politikarane i Meland er klar over at me er inne i Kulturminneåret. Eit hovudkjenneteikn er at det er kulturminna og aktivitetane rundt dei som skal stå i sentrum. Slik vert det ikkje for Sveitserhuset, som kommunen ikkje har klart å ta skikkeleg vare på.

For andre eldre bygg på Holme­knappen har også private fått sleppa til. I visse tilfelle kan det vera ein vellukka måte å verna kulturminne på. Eldsjeler eller driftige organisasjonar kan koma inn og gjera ein kjempejobb. Korleis det vil fungera i høve til Sveitserhuset, er det for tidleg å spå noko om.

Å annonsera huset for sal som einebustad med klausular for å sikra kulturminneverdien, er positivt nok. Men me kjenner oss meir usikre på utfallet enn om Meland kommune hadde trakka til og sagt at denne eigedomen tek me vare på for ettertida.

Det vert litt for lettvint å skulda på at kommunen har svak økonomi. Kommunar som satsar, kan og få økonomisk hjelp utanfrå. Me håpar Meland i den grad kommunen kan, bidreg til ei positiv utvikling vidare når det gjeld kulturminna på Holmeknappen.

Og me etterlyser meir ryggrad for framtida når det gjeld vedtak og lovnader som vert gjort for å ta vare på denne typen bygningsmiljø. Det gjeld til dømes vedlikehald, der også rike kommunar bør skjerpa seg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler