Fortener god klaff
Jagarfly, oppvisningsfly og amerikanske bilar inntek Knarvik søndag 10. juni.
Endret 01.06.12 18:27
Bak arrangementet, som vert på ferjekaien, står Nordhordland Flyklubb og amcarklubben. Dei arrangerer dag for å setja fokus på alle typar luftsport og motorsport.
Å få forsvaret til Knarvik på oppvisning er stort – det er nesten ikkje til å tru, seier tre talsmenn for arrangørane når dei orienterer om arrangementet. Det har dei sanneleg rett i. Omtalen av programmet i Strilen førre laurdag viser at arrangørane har lagt seg i selen for å få til eit spennande program. Det viser også at dei har lukkast med å vera dristige.
Rett nok markerer forsvaret at det i år er 100 år sidan det første norske militærflyet tok av frå norsk jord. Men at ei av oppvisningane vert lagt til Knarvik, fortener arrangørane skryt for. Dei fortener òg god oppslutning om arrangementet, som har fått namnet «Wings and Wheels».
At folk som vil ha med seg denne opplevinga, vert inviterte til ferjekaien i Knarvik, synest me også er spennande. Denne delen av Knarvik har kome litt i skuggen dei siste 18 åra. Så mange år har det snart gått sidan Nordhordlandsbrua vart opna. Etter den tid har ikkje det store kaiområdet gjort så mykje nytte for seg.
Vegvesenet må ha området og ferjeleier i bakhand om brua skule verta stengd i ein lengre periode. Kaiane vert òg nytta av sirkus og av sandskøyter og andre fraktebåtar.
Me har ikkje noko svar på om arealet eller delar av det bør eller kan brukast til permanente bygg. Det burde gjerne vegvesenet og Lindås kommune avklara.
Dersom det går i orden med ny snøggbåtdrift, går me ut frå at dagens ventebygg bør fornyast og gjerne utvidast, og ein del av kaien må reserverast for pendlarparkering.
Men når kaiarealet i Knarvik ligg der, går me utifrå at det kan brukast litt meir aktivt enn i dag utan at det fører til ulemper for dei som bur i området.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Til NM med tidenes verste fødsel
Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.
- Elvemuslingen er ikkje daud!
MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Einebustad brann ned til grunnen [18.04.13 13:25]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





