Strilen / Leiar / Frå ord til handling
Brukernavn 
Passord 
 

Frå ord til handling

Ein trafikksikringsplan frå Hordaland fylkeskommune er ute på høyring i kommunane.

Publisert 13.08.10 17:20
Endret 13.08.10 17:21

Planen skal gjelda tre år fram til 2013. Strilen påviste torsdag at to fylkesvegar i Nordhordland, 564 i Meland og 565 i Lindås og Radøy, er tilgodesette med ein million kroner i 2010. Pengane skal gå til det som er kalla «TS-inspeksjon», i praksis ei kartlegging av kva som skal gjerast.

Både i Lindås og Meland haustar planen kritikk. Etter ein rask gjennomgang ser me at det er gjort eit grundig arbeid med å påvisa kva kommunar som har mest skadar og dødsulukker. Ikkje overraskande er Lindås blant desse, saman med andre kommunar med høg gjennomgangstrafikk. Dei fleste alvorlege ulukkene kjem mellom Knarvik og Mongstad og på E39 - vegane som innbyr til høg fart. Kritikken frå Lindås og Meland går på at planen må verta langt meir konkret med omsyn til bruk av midlar. Dette er ein kritikk me kan slutta oss til.

Trafikksikring har opptatt lokalpolitikarane i dei større kommunane i lang tid. Listene over tiltak har vorte lange. Ofte har det kome hjartesukk frå politikarar over at tiltaka har vore langt fleire enn det kommunane har pengar til å ordna sjølv. Når fylkeskommunen er inne med pengar, har me full forståing for at kommunane vil ha flest mogleg kroner omsette til handling. Me har vanskar for å skjøna at det framleis skal vera nødvendig å bruka millionar på konsulentar og utgreiingar. Lokale politikarar og lokalt politi veit endeleg nok om kva det bør brukast pengar på. Difor har me ei utfordring til lokale fylkespolitikarar: Å utfordra dei som har laga planen på om det ikkje er på tide å koma meir over på handling og konkrete tiltak. Nokre land brukar nokså iaugefallande tiltak. Me synest at også Hordaland kan setja opp forvridde bilvrak langs vegane – til skrekk og åtvaring. Elles er det ein god regel alltid å koma med ei påminning til dei som skal ut i trafikken:
Kjør forsiktig!


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler