Strilen / Leiar / Framtidsretta distriktsutbygging
Brukernavn 
Passord 
 

Framtidsretta distriktsutbygging

Del | |



Så ligg planar og kostnader for bru over Masfjorden på bordet, levert til kommunen frå bruavdelinga i Veg­di­rekto­ratet.

Publisert 16.12.11 17:40
Endret 16.12.11 17:40

Ingeniørane der har vist at både høgbru og flytebru kan vera aktuelt mellom kommunesenteret Masfjordnes og Duesund. Prislappen er nokså lik for dei to alternativa, 600 millionar kroner. Kalkylane er basert på Dalsfjordbrua som er på gang i Sogn og Fjordane og flytbrua som vart bygd i Møre og romsdal rett før Nordhordlandsbrua.

Tidlegare har politik­ar­ane gått ut frå at brua kunne realiserast for kring 400 millionar. Dermed er nok dei tala som no ligg på bordet, nokså depri­mer­ande i ein kommune med kring 1650 innbyggjarar som slit med tilflyttinga. Per innbyggjar er det snakk om ikkje mindre enn godt 360.000 kroner. Det er nokså innlysande at ein slik sum kan verta brukt mot Masfjorden, både av dei som skal prioritera statlege vegmidlar og andre område som kjempar om dei same pengane. Me vil likevel oppmoda det nye kommunestyret i Masfjorden om ikkje å missa motet.

Kommunen har fleire gode kort på hand, blant anna at Hordaland fylke har prioritert å få bygd Jondalstunnelen. Den vil rett nok i større grad enn Masfjordbrua vert ein gjennomgåande veg. Nordhordland som heiltheit må i første runde ha fullt fokus på Nordhordlandspakken. Nokre kommunar står også på for å få Sambandet vest mellom Radaøy. Holsnøy og Askøy inn på Nasjonal Transportplan.

Me skal ikkje her prioritera mellom viktige lokale samband som må koma på plass når Nordhordlandspakken er i hamn. Ei Masfjordbru ligg heilt klart noko fram i tid, men det vil og seia at det om åtte-ti år kan vera ein større kommune som frontar også dette prosjektet. Og om Masfjorden vil stå åleine, har kommunen uansett med seg Gulen som ei meiningsfelle i å få bygd bru over Masfjorden. Det vil gje den stadig ekspanderande Sløvåg-regionen enklare tilgang til heile Sørsida av Masfjorden og dermed direkte tilknyting til E39.

Ei Masfjordbru vil unekteleg også dra med seg opprusting av vegen frå Sandnes og vidare til E39, helst med ei bru over Mjangervågen.

Dette er ei framtidsretta distriktsutbygging i Nordhordland som det er all grunn til på kjempa for, ­uansett kor kommunegrensene i framtida måtte gå.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler