Godt og gale
Går alt etter planen til styret i Nordhordlandspakken AS, kan folk køyra Nyborgtunnelen frå 2019, etter oppstart av byggjearbeida om kring tre år.
Endret 09.01.12 17:11
Det seier styreleiar Pål Kårbø etter eit årleg møte på fylkesplan førre veke. Samstundes er Statens vegvesen på bana og håpar regjeringa vil opna for å samla alle bompengeprosjekt i Bergensregionen i ein pakke.
Den siste tanken kan forsvarast frå fleire synsstader. Vegvesenet sin ståstad er lett å forstå: Det kjem inn pengar som i tur og orden kan både oppgradera og byggja sårt tiltrengte nye vegar. Er ein felles pakke først vedteken, kan utbygginga skje utan politisk krangel og kiving mellom ulike pakker og regionar. Det beste argumentet for ei slik løysing er truleg Bompengeringen i Bergen. Den er nok framleis upopulær blant dei som «blør» mest. Men bergensarar som tiår etter tiår har sett stadig forbetringar i vegstandarden, seier i dag kanskje «pytt, pytt»: Me har i alle høve fått noko att for pengane.
Minuset er sjølvsagt, som vegvesenet truleg håpar, at ein felles bompengering aldri vert fjerna. Vegbyggjarane vil alltid ha klar nye prosjekt som dei meiner det er fornuftig å satsa på. Her i Nordhordland har bilistane gledd seg over å køyra snart ti år over Nordhordlandsbrua utan bompengar. Samstundes har strilane sett på at bergensarane har halt inn både bompengar og statlege kroner til både vegar og Bybane. Radværingar og andre har på si side humpa rundt på dei svingete og litt utvida kjerrevegane. Rett skal vera rett så har mykje skjedd på vegsektoren i Nordhordland. Å hevda at lokale politikarar har forsømt seg ved å ikkje halda bompenge-innkrevjinga i gang, vert etterpåklokskap. Det same vert hjartesukk over utarbeiding av vegpakker som har havarert. No er det berre å løfta blikket og semjast om å få noko gjort –
med bompengar.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






