Strilen / Leiar / Heia Meland!
Brukernavn 
Passord 
 

Heia Meland!

Del | |

Formannskapet i Meland ha nyleg sendt eit uvanleg krasst brev til Fylkesmannen i Hordaland. Krangelen står på ekstrautbytte frå BKK, som Meland har ført som ei inntekt både i 2009 og 2010. 

Publisert 02.12.11 20:48
Endret 02.12.11 20:48

Då har pengane vorte nytta til å dekka inn tidlegare års underskot. Meland var nesten ferdig med å gjera opp tidlegare underskot då Kommunaldepartementet kom til at dette var feil rekneskapsføring, av Meland, Bergen og 12 andre kommunar. Pengane er tatt ut frå BKK på ein måte som gjer at kommunane berre kan bruka dei til å investera for.

Saka er ikkje vanskelegare enn at ein kommunen som slit med å gå i balanse, har gjort nettopp slik som fylkesmannen sa i 2009. «Kommunen må nytta desse midlane til inndekking av underskot i år og neste år». Bordet fangar.

Fylkesmannen kan ikkje koma to år seinare og laga problem og straffa Meland for å ha «følgd ordre». Det gjer Fylkesmannen ved å underkjenna Meland sine budsjett både for 2009 og 2010.

Tru det eller ei! Men at departementet har konkludert motsett til Fylkesmannen, bør ikkje få tilbakeverkande kraft.

At Fylkesmannen opphevar to budsjett, er lite konstruktivt. Det er nærliggjande å gå ut frå at avgjerda i departementet er retta først og fremst mot Bergen kommune, som førte ekstrautbyttet som ei driftsinntekt ved å redusera eigedomsskatten, og no måtte snu om på sine budsjett. Kommunar som får ekstra utbytte om ein verdi vert seld, bør ikkje gjera seg avhengig av ei slik eingongsinntekt.

Men Meland har berre gjort opp «gamle synder». Lokaldemokratiet her i landet vert lovprisa. Då kunne ein kanskje heller la kommunar få tillit til å avgjera om slike inntekter går inn i drifta eller til investeringar?

Meland trur Fylkesmannen sitt påkegg frå 2009 står seg juridisk. Det tyder at Meland er villige til å ta saka til retten. Det er sunt nok, og i så fall seier me· Heia Meland.

Det Meland kjempar for er å få gjort opp oppsamla underskot for å stå friare og ikkje lenger vera underlagt statleg kontroll med nye investeringar. Det bør kommunen få sjansen til! Å bruka meir tid på ei slik sak både i byråkratiet og eventuelt i rettsvesenet, er betenkeleg og har lite å gjera med fine ord om lokal sjølvråderett.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler