Strilen / Leiar / Ikkje berre fotballbaner
Brukernavn 
Passord 
 

Ikkje berre fotballbaner

Motorsportklubben i Austrheim hadde i førre veke nok ein gong godt oppmøte til open kjørekveld, der ungdommar kunne få prøva seg med cross-syklar og firehjuling.

Publisert 25.08.10 16:45
Endret 25.08.10 16:44

Ungdommane kom med eigne syklar eller fekk låna sykkel og tryggleiksutstyr av klubben, og tok laust i ti minutt i gongen på den provisoriske bana laga til bak Austrheimhallen.

Austrheim Motorsport Club har planar om ei permanent løype, og det vert også jobba med bane i nabokommunen Lindås. I Meland er bana alt på plass, og Meland Motorsportklubb har faste treningar på bana innunder Eldsfjellet.

Mange ungdommar har lyst å prøva kjøring med cross-syklar, trialsyklar eller firehjuling.

Motorsport appellerer gjerne til ungdommar som ikkje er så opptekne av korpsmusikk eller fotball, to av dei dominerande fritidsaktivitetane. Idrettslaga i Nordhordland får eit stadig betre tilbod til sine fotballspelande medlemmer. Med ein imponerande dugnadsinnsats, og ofte med pengestøtte frå Trond Mohn og andre industribedrifter, er det i dag kunstgrasbaner i alle dei største kommunane.

Nettopp i Austrheim er arbeidet i full gang med ei ny kunstgrasbane, som vert ein del av Austrheim idrettspark.

Motorsportklubbane har hatt ein trong fødsel for fleire av sine baner. Særleg er det problematikken kring arealbruk og støy som bremsar planane. Både i forhold til naboar, dyrelivet og folk som brukar naturen til rekreasjon, vil støyen vera ei ulempe.

Samstundes må det i ein region som vår, med god plass mellom grendene, vera plass til å driva også med denne typen aktivitetar. Eit tips kan vera at klubbane, og kommunane, ser på dette over kommunegrensene. Med syklar som ikkje er registrerte for kjøring på veg, må ungdommane uansett transporterast eit stykke til trening og løp. Om bana då ligg ti minutt unna i heimkommunen, eller ein halvtime unna i nabokommunen, er ikkje så avgjerande.

Langsiktig planlegging er viktig, sidan det etter kvart kan verta naudsynt med investeringar i både baneanlegg og klubblokale.

Med samarbeidsprosjekt på tvers av kommunegrensene trur me det er mogleg å einast om lokalitetar der støy ikkje vil gje problem korkje i dag eller i framtida.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler