Julekort og helsingar
Posten reknar med at nordmenn også dette året kjem til å senda over femten millionar julekort.
Endret 23.12.11 16:22
Dermed er sjansen stor for at nettopp din husstand er mottakar av ei slik helsing, anten det no er eit bilde av dei søte små eller nokre linjer om året som gjekk, og påført dei beste ønskjer for jula og det nye året. Samstundes som papirkortet heldt stand, er det mange som har bytta ut penn og papir med tastatur, og brukar e-post til å senda sine helsingar. Er du ute i siste liten på julekvelden, kan mobilen vera siste redning, dersom det er nokon du berre må senda ei julemelding til.
Skikken med å senda julekort har lange tradisjonar her i landet, heilt tilbake til slutten av 1800-talet. I dagens Strilen kan du sjå og lesa om gamle julekort og brev som er samla på Fjellsende. Kanskje vil folk om hundre år lesa om korta du har fått i dag, og slik sjå kva som opptek nordmenn kring juletider i 2011.
For mange er nok julekorta like viktig som gåvene ved juletida. Og gjerne eit handskrive kort, som har ei personleg helsing. I ei tid der det vert lettare og lettare å masseprodusera, får dei tinga som må gjerast langsamt og for hand, meir verdi.
Større verdi enn den handskrivne julehelsinga har nok også telefonoppringinga, invitasjonen eller besøket. Sjølvsagt er det ikkje noko krav at ein må feira høgtida i lag med familie eller venner. Men for dei som ufrivillig må vera aleine slike dagar, vert det gjerne ekstra sårt og synleg når mange samlast til sine middagsbesøk og julefeiringar.
Så sjølv om jula i år ikkje inneber så mange fridagar frå arbeid, er det kanskje likevel tid til ei telefonhelsing eller eit kaffibesøk? Eit dykk ned i julekortbunken fører deg kanskje til ein namn på nokon du ikkje har snakka med på lenge. Eller kanskje det tvert om er nokon du saknar i bunken, ein ekstra god grunn til å ringa, og kanskje invitera over på kaffi ein fridag. Det kan kanskje vera den beste gåva du gjev dette året.
God jul til alle våre
lesarar og annonsørar.
Frå alle oss i Strilen
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






