Kan og vera å hjelpa andre
Siste veka før jul er det framleis mange som ikkje er heilt i mål med årets julegåver.
Endret 19.12.11 16:20
Meldingar i media tyder på at ein del butikkar har mindre kundar enn normalt. Netthandelen ser ut til å slå alle rekordar. Spesielt går det unna med ettertrakta elektronikk. Ein del kan garantert sjå fram til å pakka ut akkurat den smarttelefonen eller det lesebrettet som står heilt på topp på ønskjelista. Konkurranse vil det naturleg nok alltid vera om å nå fram til oss forbrukarar, gjerne i sterkast grad før jul når dei fleste skal bruka ekstra tusenlappar på årets gåver. For mange butikkar er julehandelen heilt avgjerande for å overleva.
Å gje julegåver er ein god og tradisjonell skikk. Samstundes er det ein skikk som krev både omtanke og ansvar. Faktum er at me rike nordmenn har det aller meste me treng. «Kva skal ein gje til nokon som har alt»? er spørsmålet mange slit med dei siste dagane før julafta. I media har det og vore framme at ein del gåver vert kasta, i følgje undersøkingar. Det er trist, men og litt typisk. Ein del gåver vert kjøpte i full fart, og så viser det seg at mottakaren let det utpakka produktet gå på søpla. Ansvaret treng ikkje berre liggja hjå mottakaren. Den som vil gje noko som gler andre, må og gjer ein jobb med å finna noko ein er nokså sikker på vert godt motteke.
Godt vaksne og eldre folk har det meste av pynteting, så klede kan verta ein vellukka utveg. Litt ekstra god julemat kan og vurderast, noko ein far eller ei mor ikkje har tenkt på sjølv. Det enkle kan ofte vera det beste, kanskje noko ein har laga sjølv? Men det kan vera at tilbakemeldinga er at «Eg treng ikkje noko». Då har me erfaring frå at det å hjelpa andre også vert akseptert og faktisk godt motteke. Då kan ein til dømes velja ein organisasjon som hjelper fattige i andre land til å hjelpa seg sjølv. Gjevaren kan bruka ein sum og få eit kort som fortel om kva pengane går til. Då kan mottakaren vita at i staden for å få nokon han eller ho eigentleg ikkje hadde brukt for, har pengane kome til nytte for nokon som verkeleg treng ein handsrekning.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






