Strilen / Leiar / Krev og PR-midlar
Brukernavn 
Passord 
 

Krev og PR-midlar

Del | |

Nordhordland Reiselivslag er i ferd med å gå tom for pengar og verta høgst truleg avvikla. Styret har gått inn for ei styrt avvikling i løpet av 2012, same året som laget fyller 25 år.

Publisert 04.01.12 17:17
Endret 04.01.12 17:17

Om laget ikkje skal avviklast, må det skje noko heilt nytt, seier styreleiar Kristin Handeland.

Eit både aktivt og omdiskutert lokalt samarbeid ser ikkje ut til å ha livets rett. Som organisert reiselivssatsing var det på høg tid at eit lokalt lag vart starta opp for 25 år sidan. Litt stygt sagt kom satsinga lovleg seint, når ein veit at både Hardanger og Sogn i lang tid har marknadsført seg som reisemål, med suksess. Likevel trur me regionen skal vera glad for den innsatsen Nordhordland Reiselivslag har gjort. Gledeleg er det også at regionen får ein ny næringshage for reiseliv, kultur og oppleving.

Også Gulen og Solund skal vera med i ei felles satsing. Spørsmålet er om dette vil gje god nok marknadsføring av Nordhordland som reise-mål. Vårt råd er at både kommunane og dei lokale reiselivsbedriftene tenkjer seg om to gonger før dei let det eksisterande reiselivslaget svelta i hel.

Spørsmålet er nemleg kven som skal driva rein marknadsføring av regionen. Den nye næringshagen skal ikkje driva med dette. Pengane til å driva den nye næringshagen skal koma mellom anna frå SIVA og Hordaland fylkeskommune, offentlege kroner som vil koma i alle fall i 10 år. Det meste av dei vil truleg gå til lønningar. Med dei rette folka kan ein næringshage for reiseliv, kultur og oppleving både styrkja eksisterande bedrifter og opplevingar, og tilføra oss nye.

Men aktuelle besøkjande må også lokkast hit gjennom annonser og brosjyrer som fortel at me har ein like fantastisk region som sogningane og hardingane. Det kostar pengar, og så langt har både kommunar og medlemsbedrifter vore svært gnitne.

I andre regionar har ein forstått at høgare eigeninnsats, medlemskontingent, må til. Slik det no ligg an, kan det vera fare for at ein stadig betre region å besøkja, vert for dårleg marknadsført om reiselivslaget vert avvikla.

Det er ein stor risiko å ta.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler