Krev tillit og kustus
Bruk av mobiltelefon på ungdomstrinnet set litt grå hår i hovudet på skulerådgjevaren i Masfjorden.
Endret 21.05.12 17:49
Ein grunn er at rektoren på Matre har bestemt at alle mobilane til elevane på ungdomstrinnet skal samlast inn ved starten av skuledagen. Det fell ikkje i god jord hjå lærarane, som må ta jobben med å samla inn og dela ut att telefonane.
Ein ringerunde Strilen har gjort, viser ulik praksis lokalt. At skulane får ha sine eigne reglar, høyrest greitt ut sett frå ein nærdemokratisk ståstad. Men det er mange skular her i landet, og ulik praksis er kanskje ikkje så lurt. Kor lurt det er at Kunnskapsdepartementet fastsett ein praksis som skal gjelda for alle skular, er me litt usikre på. Me er tilhengjar av at skulen er ein stad der kustus og det å læra skal ha høgt fokus. Likevel synest me det vert å gå litt for langt å bruka tid på å samla inn og dela ut mobiltelefonar.
Det vanskelege er å finna enkle reglar som kan handhevast. Diverre trur me ikkje at alle ungdomsskuleelevar er vaksne nok til å få tillit til å få avgjera fritt korleis mobilen skal brukast. Problemet då vert at ein del vil bruka tid unødvendig på mobilen og gå glipp av undervisning. Sjølv om mange mobilar i dag også har internett, tilgang til e-post og andre nyttige funksjonar, er me redd reglane må vera klare.
At «ulovleg» bruk resulterer i at foreldra må henta mobilen, høyrest greitt ut. Som oftast er det dei som betalar rekninga.
Henting av sonen eller dottera sin mobil kan gje ein sunn og nødvendig diskusjon. Konklusjonen på den må verta at den yngre garde må respektera og overhalda dei reglane skulane set. Då er det ein stor fordel at skulane i same regionen praktiserer like reglar. I media har det nyleg kome fram at like reglar på tvers av skulane gjer borna tryggare.
Om skulane ikkje klarer å finna fram til desse reglane, må kanskje Kunnskapsdepartementet eller foreldra ta denne jobben.
Står fast på å anmelda dobbeltutbetalinga
AUSTRHEIM: Kontrollutvalet står fast på at politiet må etterforska dobbeltutbetalinga til Breidvik Eiendom. Formannskapet får torsdag fire timar på seg til å lesa dokument i saka, blant anna kommuneadvokaten sin endelege rapport, før dei skal møta i eit ekstramøte.
Ekstramøte om dobeltutbetaling til Breidvik Eiendom
AUSTRHEIM: Torsdag ligg det an til både ope og lukka behandling av saker som gjeld kommunen og Breidvik Eiendom og dobbeltutbetalinga på vel tre millionar.
Linjefeil starta skogbrann
LINDÅS: Gnistar frå ein defekt straumleidning, sette søndag kveld fyr i skogen på Nævdal.
Kolliderte med lysstolpe
MELAND: Ein bilførar er teken hand om av helsepersonell etter at han kolliderte med ein lysstolpe på Rv564 mellom Frekhaug og Holmeknappen.
Statoil kan sikra hundrevis av nye jobbar i Nordhordland
Statoil vurderer å flytta logistikk- og forsyningsverksemda frå Fjord Base i Florø til basen på Mongstad Sør.Det kan gje eit bortfall av 250 arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.
Siste kortnytt
- Small saman i gymnasbakken [17.06.13 16:49]
- Stolen båt kom til rette [17.06.13 16:48]
- 131 i 70-sona [17.06.13 16:47]
- Etterlyser utleigebåt [14.06.13 18:42]
- Ny økonomisjef [14.06.13 18:39]
- Hordalandsavtalen i boks [12.06.13 17:13]
- Etterlyser hesteeigar [12.06.13 15:53]
- Fjorten kjørte for fort [12.06.13 15:52]
- Mistenkt for promillekjøring [12.06.13 15:51]
- Slåsskamp på Shellstasjonen [12.06.13 15:50]
- Lommebok på rømmen [07.06.13 16:12]
- Gav seg ikkje [07.06.13 16:04]
- Mista lappen [07.06.13 16:03]
- I fyr og flammar [07.06.13 16:02]
- Tillegg for bussbillett [06.06.13 11:51]
- Vil vita kva innbyggjarane synest [06.06.13 11:50]
- Slurvar med å sikra borna [06.06.13 11:47]
- Åtvarer mot falske rekningar [04.06.13 11:30]
- Stal øl [03.06.13 10:28]
- Stal ATV [03.06.13 10:27]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- – Ikkje prøv dette heime [31.05.13 16:33]
- Fortvilar over krav [23.05.13 13:25]
- Løyperekordar i Nordhordland Rundt [28.05.13 16:22]
- Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn [24.05.13 10:11]
- 27 ferska i 70-sona [06.06.13 16:04]
- Hasjdyrking i Masfjorden [25.05.13 19:16]
- Treg start for Fedje-jegerane [07.06.13 16:47]
- Alvorleg skadd i Eikefettunnelen [26.05.13 08:52]
- Oljesøl i Knarvik [23.05.13 14:04]
- Kolliderte med lysstolpe [17.06.13 14:13]
- Statoil kan sikra hundrevis av nye jobbar i Nordhordland [14.06.13 18:07]
- Første båt til kai i Sløvåg [25.05.13 19:40]
- Radøyløpet vart folkefest [22.05.13 08:50]
- - Ikkje la oss betala rekninga! [23.05.13 05:28]
- Vil gje Skodvin utsetjing [21.05.13 16:19]
- Tek fjøsstellet på NRK [05.06.13 14:46]
- Stal lam og stakk [07.06.13 15:34]
- Opprør mot barnehage-kutt i Meland [10.06.13 14:12]
- Ulovleg uthus får stå i fred [04.06.13 11:41]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]




