Strilen / Leiar / Kvar og ein har eit ansvar
Brukernavn 
Passord 
 

Kvar og ein har eit ansvar

Bergens Tidende har nyleg starta ein serie der avisa viser det store omfanget av dødsulukker i trafikken, og korleis dette særleg råkar ungdommar.

Publisert 01.09.10 18:31
Endret 01.09.10 18:18

Her i Nordhordland har det i løpet av dei siste åra vore fleire dødsulukker der unge har misst livet, og fleire strekningar har vore så «farlege» at politiet har retta ein ekstra innsats mot å kontrollera farten der.

Det er ikkje slik at alle ulukker der ungdommar er råka, skuldast høg fart og uvettig kjøring. Men når ein kombinerer uvettig kjøring med overdriven tru på eigne eigenskapar, og lite erfaring bak rattet, kan det fort oppstå situasjonar med fare for liv.

Atten år gamle sjåførar har ofte ikkje forstått at det er lett å kjøra fort med bil, men ofte vanskeleg å stoppa brått. Som oftast går det bra likevel, andre gongar gjer det ikkje det. Det er små marginar som avgjer utfallet av ei ulukke, hamnar bilen utfor vegen mot ein fjellskrent eller ut mot eit jorde, kjem det ein bil i mot akkurat i svingen, og så bortetter.

Dei fleste sjåførar og passasjerar har vel opp gjennom livet opplevd situasjonar der ein etterpå tenkjer «tenk at det gjekk bra».

Men det er ikkje alltid det går bra. Altfor ofte må me oppleva å sjå bileta av bilvraket, lesa politiet sine korte forklaringar, sjå rosene og dei tende ljosa i vegkanten, og etter nokre dagar flagga som heng på halv stang.

Lovene legg eit stort ansvar på den som har rattet i hendene. Men i kampen mot ungdomsulukkene ligg det eit stort ansvar også på resten av samfunnet. Kvar og ein av oss er eit førebilete i trafikken.

Det me synest er grei framferd vil gjerne andre også synast er greitt. Langt frå alle vaksne sjåførar heldt seg til fartsgrensene og tommelfingerregelen om å visa aktsemd, men førtiåringar har gjerne den erfaringa og dei gode bilane som skal til for å halda seg på vegen.

Skal dei unge ha gode førebilete i trafikken, må alle vaksne sjåførar hugsa den gamle regelen. Det er betre å komma fram litt seinare, enn aldri.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler