Strilen / Leiar / Like for lova
Brukernavn 
Passord 
 

Like for lova

Rådmannen på Radøy har sendt ut pålegg om fjerning for ei hytte på Sletta. Hytta må rivast innan 20. desember, elles vert det skrive ut dagbøter.

Publisert 30.08.10 18:16
Endret 30.08.10 18:15

Saka på Radøy er ikkje eineståande, korkje i kommunen eller i regionen elles. I dette tilfellet er det eit gamalt naust som er rive og erstatta med ein feriebustad, utan at arbeidet er omsøkt til kommunen. Tilfellet vart oppdaga då kommunen sine folk skulle taksera alle bygg i samband med innføring av eigedomsskatt. Også andre stader i regionen vår er liknande tilfelle oppdaga, til dømes eit ulovleg hytteanlegg i Lindås.
I den nye plan- og bygningslova, som tok til å gjelda i sommar, er det ei innstramming i kommunane si plikt til å handheva desse reglane. Ikkje alle kommunar er like glade for dette pålegget, som gjev dei eit slags etterforskings- og straffeansvar som ein elles gjerne tenkjer høyrer til politiet. Men når det først er gjeldande lov, er det viktig at kommunane følgjer opp. Reglane må handhevast, for å unngå at dei som ikkje søker slepp unna, medan dei som søker får nei frå kommunen. Det er også viktig at handhevinga er lik frå kommune til kommune, slik at lova er lik på begge sider av sundet. For det er ofte ved sund og fjord at dette er aktuelt. Nordhordland og Gulen er eit område med mange hytter i sjøkanten, med tilhøyrande bryggeanlegg og flytebrygger. Ein inspeksjonsrunde rundt om i fjordane ville nok gjeve kommunane ein del ekstra saker å jobba med.

Samstundes som kommunane har eit ansvar for å sjå at reglane vert etterlevd, må politikarar og administrasjon også gjera sitt til å unngå etablering av ulovlege tiltak. I dag er det nok sjeldan at hytter dukkar opp «av det blå», som i tilfellet på Sletta, men flytebrygger og kai utan søknad er det nok fleire av. Når ein ser på kva ein båtplass og eit naust i dag vert omsett for, er det tydeleg at det er trong for fleire fellesanlegg. Når kommunane skal handheva lovverket og sjå til at det ikkje vert etablert ulovlege anlegg, er det ein føremon at det finnest alternativ ein kan visa til. Småbåthamner er dessutan mindre arealkrevjande enn enkeltbryggjer, ved at ein enkelt lokalitet kan erstatta 20-30 småbryggjer rundt om. I planarbeidet bør kommunane peika ut stader som kan vera aktuelle for større anlegg. Gjerne i eit samarbeid på tvers av kommunegrensene.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler