Strilen / Leiar / Må få orgel!
Brukernavn 
Passord 
 

Må få orgel!

Del | |

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Publisert 01.02.12 14:41
Endret 01.02.12 14:36

Eit fleirtal ønskjer dialog mellom kommunen og kyrkjeleg fellesråd om «fleksibel bruk av underetasjen i kyrkja, som til dømes lokale til kulturskulen». Frp går inn for det dyraste alternativet, å gje ei ekstra løyving til å gjera kyrkja inkludert kjellar heilt ferdig. Ap tilrår å vurdera kyrkje-investeringa om to-tre år, i siste delen av økonomiplanperioden.

Etter at Knarvik vart utpeika til regionsenter midt på 1960-talet, burde kyrkja etter vår vurdering vore på plass for kring 20 år sidan. Difor synest me det er skuffande at politikarane ikkje klarer å samla seg no i innspurten. Kommunen har fått på plass gravplass, og eit kommunesenter utan kyrkje er det på høg tid å få gjort noko med. Me synest det er uheldig at lokale for kulturskulen vert kasta inn i innspurten av kyrkjesaka. Å be om ei snarleg sak på dette kan lett vera hastverk som vert lastverk. Kyrkje/kulturskule er for det første ein kombinasjon som det vil vera delte meiningar om. Det kan og undergrava grunnlaget for eit framtidig kulturhus, som er sårt sakna i Knarvik.

Det positive er at det er eit fleirtal som vil gje grønt lys for kyrkja. Eit stort fleirtal av folkevalde har lenge jobba med dette som mål. Som byggherre har kyrkjeleg fellesråd innretta seg etter kommunestyret sine vedtak og henta inn anbod. Dei må svarast på innan 14. februar, fem dagar etter kommunestyret sitt møte. Fellesrådet kan neppe lastast for at høg byggjeaktivitet og få anbod har pressa prisen noko høgare enn dei folkevalde si ramme. Me hadde faktisk frykta at ekstrakostnaden kunne vorte høgare. Finn ikkje fleirtalet økonomisk rom for å akseptera heile anbodssummen som ligg på bordet, synest me innreiing av kjellaren må venta. Den må seinare innreiast og brukast slik fellesrådet har lagt opp til. På Ostereidet klarte kyrkjelyden denne jobben på dugnad. Det kan ein kanskje også klara i Knarvik. Men la «i himmelens namn» kyrkjeleg fellesråd få ei ramme som gjer at dei kan bestella orgel. Då får ein i alle høve eit kyrkjerom som vert komplett. Noko anna vil vera for dumt!


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler