Må takast meir på alvor
Strilen har dei siste avisene peika på to saker som gjeld lokal rasfare. I Gulen tilrår ein konsulent at eit tun i Brekke må sikrast med ein skredvoll. Ein rapport peikar også på behov for sikring i eit hyttefelt i Sollibotn.
Endret 21.02.12 10:34
I Stordalen i Masfjorden var eit hytte, heldigvis utan folk, sterkt ramponert av snøras i fjor. Den må rassikrast, og seks ubebygde hyttetomter bør ikkje byggjast på, tilrår geologar.
Eit alvorleg tema har dermed vorte meir aktuelt også på våre kantar. Til no har me i stor grad sett på faren for ras på noko som andre delar av landet må slita med. Men i februar i fjor viste fleire aviser eit privat foto av ei hytte i Stordalen der ein så vidt kunne sjå øvste delen av vindaugene. Den nye hytta var trykt skeiv og delvis fylt av snø.
Ein del år tidlegare tok eit jord- og steinras liv i Bergen. Stadig meir ekstremver gjer at faren for ras er noko fleire også i vår region får inn på livet. Dei som kjenner seg utrygge for ras, må vera sikre på at dei får råd og hjelp ved å venda seg til offentlege styresmakter. Og dei må vera sikre på at dei ikkje får byggja på ein stad der ras seinare kan truga verdiar, liv og helse.
Per i dag er me usikre på kor gode svar lokale kommunar med rasutsette område kan gje innbyggjarane sine. Ser ein på eit utsett tun på nedre Haugland i Brekke, fekk grunneigaren på 1980-talet løyve til å flytta gardstunet litt lenger opp mot lia. Det kan spela inn på kven som må kosta eventuell rassikring. Kva utfallet vert, vil visa seg.
Teknisk sjef i Gulen konkluderer med at ekstremveret har skjerpa krav til kommunen når det gjeld å hindra at det vert bygd i rasfarlege område. Det utgangspunktet er godt, og det er eit fokus fleire kommunar må setja meir fokus på.
Når uhellet først er ute, kan det i verste fall gå liv. Og om det ikkje går liv, er det ikkje sikkert at forsikringa dekkjer skadane. Alle partar er tent med at rasfaren vert ekstra nøye vurdert før byggjeløyve i utsette område vert innvilga.
Det kan og vera eit moment for å ikkje å vera så restriktiv til byggjeløyve i strandsona som sentrale styresmakter har lagt opp til.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






