Meir enn tvilsamt
Frykt for omkamp om heving av ubåten
Endret 08.03.10 18:00
Regjeringa har vedtatt å utsetja hevinga av U-864 ved Fedje. Hevingsalternativet for ubåten og kvikksølvlasta skal utgreiast grundigare, «for å sikra at ein hevingsoperasjon er godt nok planlagt og akseptabel med tanke på miljøomsyn og risiko». Kystverket skal ha ansvaret for ei ny utgreiing, og den skal inkludera tildekkingsalternativet, samt å kombinera heving og tildekking.
At folk på Fedje er sinte og skuffa, er lett å forstå. Regjeringa sitt vedtak vert eit løftebrot i høve til å heva ubåten sommaren 2011. Det utgangspunktet var basert på utgreiingar og innhenta tilbod frå det nederlandske selskapet Mammoet Salvage, som blant anna heva den russiske ubåten Kursk. For vår del legg me vekt på at Kystverket bør ha kompetanse til vurdera om vraket skal hevast eller tildekkast. Rett nok ser Kystverket tildekking som minst risikofylt, men også heving kan gje den ønskte miljøeffekten, «føresett ei vellukka gjennomføring». Legg ein vekt på miljø, kan ei langvarig utsetjing og nærma seg miljøkriminalitet i og med at det kvart år lek ut kring to kilo kvikksølv frå vraket. Folk på Fedje kan ikkje eta fisk fanga nær vraket. Forureining år etter år set og eit dårleg stempel på Noreg som fiskeri- og oppdrettsnasjon. Det er lite tillitsvekkjande når heving er stempla som gjennomførleg av statlege styresmakter. Kystverket har tilbydd heving til ein aktør som «har omfattande erfaring frå komplekse bergingsoperasjonar».
Me synest Ap-ordføraren på Fedje har grunn til å gå meir kritisk ut mot det som no skjer, sjølv om ho er partikollega med både fiskeriministeren og statsministeren. No er det lagt mest vekt på at Dovre Group og Transportøkonomisk institutt synest ein kontrakt «framstår som uklar på fleire punkt». At Kystverket har tilbydd eit stort selskap ein kontrakt for heving, har kome i bakgrunnen. Det er spesielt kritikkverdig fordi samandraget frå Dovre si såkalla kvalitetssikring legg stor vekt på økonomi. Og er det til dømes opplest og vedtatt at Mammoet, som Kystverket og Veritas går god for, i Dovre Group sine auge er «eit lite selskap med begrensa soliditet». Regjeringa si utsetjing kan lett oppfattast som at sterke krefter i regjeringa vil ha tildekking for å spara pengar. Det må Fedje få støtte frå resten av Kyst-Noreg for å hindra. Det er berre å ta utgangspunkt i den status heving har hjå Kystverket og løyva nok til å kvalitetssikra hevinga og redusera risikoen. Det er både for defensivt og dårleg ressursbruk å ta fram att alternativet for tildekking. Dessutan vil det føra til at Noreg misser truverde som miljønasjon.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






