Strilen / Leiar / Nærliggjande løysing
Brukernavn 
Passord 
 

Nærliggjande løysing

Statnett er i ferd med å inngå avtale med Statoil om kjøp av straum frå kraftverket på Mongstad.

Publisert 16.08.10 18:08
Endret 16.08.10 18:08

Kraftverket, som utnyttar gass frå Kollsnes og avfallsenergi frå raffineriet på Mongstad, startar normal drift i haust. I første omgang vert ein av to turbinar sett i produksjon. Med to turbinar i drift, kan produksjonen aukast frå 140 til 240 megawatt.

Dette er også i samsvar med eit lokalpolitisk tips som Strilen nyleg gjekk ut med: Mongstad kan forsyna Bergen med straum, blant anna om det vert ein kald vinter. Når det først er brukt milliardar av kroner på å byggja eit kraftverk på Mongstad, er det positivt at marknaden er slik at investeringa vert utnytta. Det omstridde gasskraftverket på Kårstø har stått ubrukt i store periodar etter at det vart sett i drift. Det er ikkje særleg god utnytting av samfunnet sine ressursar. Produksjon på Mongstad og påfølgjande utslepp av CO2 som tidlegast vert reinsa i 2018, er nok også omdiskutert. Me går likevel ut frå at drift med utslepp er betre enn at kraftverket står i ro. Om dette skulle medføra fleire eller større «monstermaster» gjennom Lindås, er det i så fall ei sak som må behandlast på vanleg måte.

Korleis kraft frå Mongstad til Bergen vil påverka den planlagde høgspentlinja Kollsnes-Mongstad, er det for tidleg å spå noko om. Dei fleste har fått med seg det enkelte ser som ei kuvending frå regjeringa når det gjeld sjøkabel framfor «monstermaster» gjennom Hardanger. Førebels er ikkje dette nokon snuoperasjon, men utslag av etterpåklokskap hjå ein energiminister som ikkje bør sitja altfor trygt i stolen. Det er og ei utgreiing Ap og regjeringa burde innsett var nødvendig tidlegare, men som dei no har vorte pressa til å gjennomføra. Me ventar i spenning på kabelutgreiinga og korleis den kan påverka planar om luftspenn også andre stader, blant anna i Nordhordland. Dette er også ei sak med krut nok til å påverka både lokalvalet neste år og stortingsvalet i 2013. Det kan vera sunt og underhaldande nok, men norsk kraftpolitikk treng etter vår meining ei brei plattform. Sjølv om dei raudgrøne slit med bortimot open konflikt om Hardanger-linja, viser saka at ei kraftpolitisk avklaring bør koma i Stortinget. Den må og avklara kor stor makt NVE skal ha. Per i dag tyder mykje på at politikarane i større grad må etterprøva NVE sine utgreiingar og konklusjonar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler