Strilen / Leiar / Når mange seier nei
Brukernavn 
Passord 
 

Når mange seier nei

Del | |

Eit fleirtal av innbyggjarane i Solund sa denne veka nei til vindmøller. Avrøystinga viste 229 mot og 204 for at kommunen skal leggja til rette for vindkraft.

Publisert 11.01.12 15:51
Endret 11.01.12 15:51

Korleis kommunestyret stiller seg, kan og påverka om naboane i sør, i Gulen kommune, får vindmøller eller ikkje.

Så langt er det berre Solund i vårt nærområde som har vald å ha folkerøysting om det omdiskuterte temaet. Me ser ingen grunn til å kritisera Solund for det. Vindmøller har dei fleste innbyggjarar ei meining om. Men i utgangspunktet meiner me politikarane må vera rette instans til å gje sitt råd. Det har Gulen lagt opp til, og i si tid var det og eit fleirtal i Fedje kommunestyre som sa nei til vindmøller der. Det rådet følgde NVE og sa nei til ein konkret søknad. Om Solund kommunestyre følgjer den rådgjevande folkeavrøystinga, kan dei som ønskjer vindkraft i Gulen, få eit ekstra argument. Motsett kan Solund-ja minska sjansane for dei som vil tena pengar på vindkraft på sørsida av Sognefjorden. Som utgangspunkt meiner me det uansett må vera rett at NVE legg stor vekt på kva fleirtalet i dei berørte kommunestyra seier.

Når Solund sitt svar kan påverka Gulen, skuldast det at NVE ser området under eitt når dei behandlar søknadene. Det ser også Direktoratet for Naturforvaltning i Trondheim ut til å gjera. Dei legg naturleg nok stor vekt på naturinngrep og det dei kallar «konfliktpotensial». Det må aldri undervurderast, og me støttar direktoratet i at «det er mange fleire planlagte anlegg enn det som er realistisk å byggja». At direktoratet vil skåna Solund og samla fleire anlegg i Gulen, er eit råd me overlet til lokalpolitikarane å vurdera. Men heile tida å seia nei til ein fornybar ressurs som eit klart fleirtal av Stortinget er positiv til, vert feil. Langs kysten er det og planar som vert ønskt velkomen lokalt. Om politikarane i Solund og Gulen seier ja til nokre av søkjarane, er me ikkje sikre på at innbyggjarane i ettertid vil kritisera dei sterkt for det.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler