Når siste vedtak gjeld
Einebustader eller ikkje i Knarvik Aust? Blokker på fem eller berre fire høgder? Det har på nytt vorte eit politisk tema i Lindås.
Endret 05.03.10 23:18
I andre runde av reguleringsplanen har eit klart fleirtal i planutvalet snudd og forlangar mindre fortetting. Walde Bygg og Lindås Tomteselskap skal etter ein reguleringsplan byggja mange hundre bueiningar i Knarvik Aust. Mange millionar er alt lagde ned i vegar og annan infrastruktur, som var på plass i fjor haust.
Ser ein ut over Knarvik i dag, ser ein mange forretningsbygg på eit par etasjar som har kome eitt om gongen opp gjennom åra. I gjeldande kommunedelplan står det at Knarvik skal utviklast til ein «funksjonell, triveleg by». Einebustader i ein reguleringsplan frå 2003 er fjerna, til fordel for fortetting med leilegheitsblokker opp til fem etasjar og rekkjehus, i ein ny plan med oppstart i 2008.
Det har utbyggjarane bygd sine planar på, i tiltru til at politikarane ikkje ville skifta meining. Skal det no inn einebustader, og blokker må reduserast til fire etasjar, forstår me godt at utbyggjarane fortvilar og meiner spelereglane er endra undervegs. Dei har grunn til å etterlysa det bokmålske ordet forutsigbarhet frå politikarane si side. Kommunen må elles finna nok plass til leikeareal, elles stoppar ei motsegn frå Fylkesmannen planen.
Framlegget som fleirtalet i planutvalet sa nei til for eit år sidan, men no støttar, skuldast blant anna at folk i Knarvik forlangar nye einebustadtomter. Reguleringsplanen som det no er bede om vert vesentleg endra, var eigentleg sett på saklista til kommunestyret 11. mars. Men der kjem saka etter utsendt sakliste ikkje opp.
Eller burde ho det? Kjem ho ikkje opp, er det førebels ingen som får vita kva kommunestyret måtte meina om einebustader og høgde på bustadblokker i Knarvik. Eller skal me kanskje få vita det i møtet 22. april. Før sommaren? Eller etter? Det kan vel og ha litt med høflegheit å gjera at kommunen spør kva utbyggjarane meiner.
Utnyttingsgrad har i alle fall i høgste grad å gjera med økonomi. Alle forstår at med høg utnytting vil utbyggjarane truleg tena meir pengar. Blant utbyggjarane er også kommunen sitt heileigde Lindås Tomteselskap, som har bunde mange millionar kroner i vegar, vatn og kloakk i Knarvik Aust. Det same har Walde Bygg.
Sistnemnde driv i ein byggebransje der marginane ikkje er dei aller feitaste. I Knarvik Aust skal det investerast vel ein halv milliard i bustader dei neste åra.
Lindås må vedta ein plan og unngå å koma meir på etterskot, og vidare unngå at utbygginga vert ein økonomisk risikosport for dei som skal satsa.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






