Naturleg å spørja
I ei krise må vel Bergen kunna få straum frå gasskraftverket frå Mongstad?
Endret 09.08.10 17:44
Det var spørsmålet Høgre-politikar Nils Træland i Lindås tok opp i Strilen laurdag. Og i så fall kan ein bruka litt ekstra tid på å få til sjøkabel i staden for høge master gjennom Hardanger-naturen? spør Træland vidare. Han viser og til at ein sjøkabel over Fensfjorden i over tre tiår har forsynt Mongstad-raffineriet med ein del av krafta som trengst der.
Kraftlinja gjennom Hardanger har fått mange politikarar på bana, både lokale støttespelarar for regjeringa og politikarar frå andre parti. «Jens kommer til å gi etter» er tittelen på ei overskrift i VG laurdag. Landets største laussalsavis konkluderer altså med at Ap kjem til å snu til fordel for sjøkabel i staden for dei såkalla «monstermastene» gjennom fleire Hardanger-kommunar. Me er litt usikre på den konklusjonen, men status i følgje NRK er at Stoltenberg reiser til Hardanger, ikkje berre fleire av stadrådane. Dermed får blant anna Ap sin ordførar i Granvin, som rasar mot godkjenninga av luftspenn, møta regjeringssjefen på heimebane. Ap får på eiga hand ta sine avklaringar og vurderingar – også opp mot dårlege meiningsmålingar på Vestlandet. Om straum i ei krise kan leverast frå gasskraftverket på Mongstad – via eksisterande linjenett – bør BKK uansett utfordrast på. Spørsmålet er også stillt av fleire lokale ordførarar. Svaret skal vera at det eksisterande nettet sørover i Lindås ikkje har nok kapasitet. Me stussar litt på det svaret i og med at denne linja er god nok til å føra store mengder straum i andre retninga – til Mongstad.
Gasskraftverket på Mongstad går førebels på redusert produksjon. Spørsmålet om det i periodar kan forsyna Bergen med straum må BKK eller andre faginstansar kunna gje politikarane eit svar dei kan stola på. Spørsmålet er heilt naturleg å stilla. I går kom det også eit nytt moment inn i debatten: Statoil har sendt konsesjonssøknad til NVE for å forsyna Troll A med kraft via sjøkabel. Uansett utfall i Hardanger, er det eit moment som kan spela inn i framdrifta av – kanskje også behovet for – kraftlinja Kollsnes-Mongstad. Faktisk informasjon – blant anna om siste tilgjengelege teknologi for sjøkablar, er avgjerande å få fram. Det siste ser ut til å vera ein av grunnane til dei kraftige reaksjonane NVE og regjeringa får på konklusjonen om at luftspenn er det einaste som er samfunnsøkonomisk realistisk.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






