Nokon må ofra seg
Etter eit Rotary-møte i Knarvik har Radøy reagert kjapt og drøfta kommunesamanslåing i formannskapet.
Endret 09.02.10 13:58
Ordførar Jon Askeland fekk støtte frå dei andre for å ta storkommunetanken opp i regionrådet. Ikkje alle var like begeistra for ein storkommune, men det var brei støtte for å starta ei utgreiing.
På Nordhordland Rotary sitt møte uttalte fleire ordførarar seg positivt for ein storkommune. Møtet viste at den sitjande politiske leiinga i dei tre største kommunane er positive, eller i alle høve ikkje negative. Me trur også det er mykje rett i det ein av representantane i Radøy formannskap sa:
– Radøy, Lindås og Meland bør starta ein prosess, så få dei andre litt press på seg.
I eit nyleg innlegg vart alle kommunane utfordra til å tenkja etter kva dei kan bidra med i ein storkommune. Det ser me som eit klokt råd. Sjølv trur me svaret vert at fleire enn dei tre store – Lindås/Meland/Radøy – har mykje å bidra med.
Når samanslåing no er på veg mot regionrådet, er det for det første litt «tilbake til start». Regionrådet har før vore gjennom utgreiingar som kommunestyra har drøfta og sagt si meining om. Men i åra etterpå har gløden for å ta det endelege steget ikkje vore sterk nok til å henta saka fram att frå skrivebordsskuffene.
Har det kanskje å gjera med at sitjande toppolitikarar og administrative leiarar sit godt i sine posisjonar?
Denne gongen kjem opptakten frå ein regional organisasjon som tydelegvis undrar seg over kvifor ikkje samanslåing vert drøfta meir seriøst – slik det vert gjort blant anna i Sunnhordland.
Det er difor både eit tankekors og ikkje heilt oppmuntrande at opptakten kom frå Rotary og ikkje frå nokon av ordførarane. Men heldigvis har i alle fall Radøy reagert kjapt og vert med på ein prosess.
Kanskje bør regionrådet seia at det er nok om Lindås, Meland og Radøy tek ein første runde med utgreiingar. Så treng ikkje dei andre kommunane bruka tid og krefter på saka før dei ser korleis kjemien stemmer mellom dei tre største. Det er gjerne den mest rasjonelle måten å angripa saka på denne gongen.
Sjølv om mange har tru på ein «Nordhordland kommune», er nok ein del framleis avventande. Difor trur me ein faktor ville hjelpa dei som ser regionen som ein kommune – at ein noverande ordførar går i bresjen for fulle segl.
Om ingen tar sjansen på å ofra seg no, kan det kanskje koma ein eller ei som vert vald neste haust!
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






