Strilen / Leiar / Nye fokus
Brukernavn 
Passord 
 

Nye fokus

Del | |

Etter at 2011 er tilbakelagt og status gjort opp, er 2012 over oss. Enkelte har sett seg både nyttårsforsett og nye planar.

Publisert 02.01.12 18:23
Endret 02.01.12 18:23

På jobben har ein gjerne som mål å gjera det «litt betre». Privat kan det vera ei oppussing av kjøkkenet som står på programmet, eller ein skal verta «litt flinkare» å besøkja slektningar som er oppe i åra. Samvitet kan fort verta sett på prøve når ein ser på kva naboen får tid til. Difor kan det av og til vera godt å minna seg sjølv om at ein gjer så godt ein kan.

Årsskiftet er eit vanleg tidspunkt å setja seg nye mål, både jobbmessig og privat. Men det kan og vera lurt å ta seg tid til ein pustepause, både ved årsskiftet og elles, og tenkja etter om det bør gjerast endringar. Det store tyske konsernet Volkswagen har kome til at dei tilsette skal vera fri frå å lesa jobb-epost om kvelden – og stengjer tilgangen til e–posten ein halvtime etter endt arbeidstid. Me synest dette er eit sunt og positivt signal. Kvar og ein får avgjera kor tilgjengeleg ein skal vera i jobbsamanheng, men er det rett å bruka fritid på å svara på e-postar som har kome på jobben? Svaret på det er vel enkelt nok. Difor imøteser me ein debatt om dette og gjerne tydelegare «kjørereglar». Av og til må det kanskje setjast grenser for kor mykje ekstra ein skal yta for arbeidsgjevaren sin!

Ved sida av jobb og fritid må samfunnet og det offentlege livet gå sin gang. Lokalt er det no mange ferske politikarar som skal gjera ein jobb. Enkelte har litt overraskande fått tillit avdi partiet deira gjorde eit hopp framover. Andre har fått plass i kommunestyra ut frå at dei har litt ekstra ambisjonar og interesse for å vera med og styra sin kommune. Uansett har alle ein viktig jobb å gjera. På same måten som privat, set også kommunar seg mål gjennom grundig debatterte planar og budsjett. Den nye samhandlingsreforma skal fungera, noko mange ventar spent på å sjå korleis vil skje i praksis. Lokal industri og mange andre har håp om at Nyborgtunnelen skal opnast om vel seks år. Sjølv om politikarane har fått sine fullmakter for fire nye år, er det både lov og høgst avgjerande å påverka dei. Det er viktig å gje dei impulsar og og idéar, også i nye saker som dukkar opp og krev eit vedtak. Det håpar me i Strilen å bidra til gjennom ein open og frisk debatt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler