Nytt industriareal
På eit folkemøte på Lindås i kveld er det varsla protestar mot delar av eit framlegg til kommunedelplan for Lindåsneset, inkludert Mongstad.
Endret 15.02.10 18:01
Framlegget opnar blant anna for eit par tusen mål nytt industriareal, samt tunnel gjennom åsen som skil dagens industriområde og Rv57. Motstanden kjem frå bygdene Knarvik Nord og Hellestveit.
Kartet viser til dømes at ein stor del av innmarka på Hellestveit vert opna for industri på tre kantar, med riksvegen på den fjerde sida. At eigaren då ser ei dyster framtid for gardsdrifta, kan ein forstå. Busetnaden på garden og Knarvik-bygda litt lenger sør, har riksvegen mellom seg og framtidig industri. I utgangspunktet tenkjer gjerne planleggjarane at dette er nok. Men det kjem i stor grad an på kva type industri som finn dette området tenleg om framlegget går gjennom. Synspunkta frå lokalmiljøet burde gjerne vore spelt inn på bana før. Uansett er dette ein debatt og ei avklaring som det er ein fordel å ta så snart som råd.
I si tid veik ei heil bygd plassen for storindustri på Mongstad –arbeidsplassane som viste seg å vera med å snu ei negativ utvikling i folketalet. No er Mongstad i rask vekst vidare. Ei framtid som base er ikkje 100 prosent sikker, heller ikkje at Mongstad vert godshamn. Likevel har Mongstad raffineri, råoljelager, gode hamneanlegg, gasskraftverk og er på veg til å få storstilt CO2-reinsing. At det er 1800 mål ledig i dagens regulerte område, er positivt. Men det må ikkje verta ei sovepute i høve til å sikra nytt areal. Ein tunnel mot vest gjennom åsen til nye areal er ein fornuftig tanke. I ein ny runde meiner me det må vera nok areal å finna til industri utan at små bygder på nytt må vika for industrien og storsamfunnet. Me er meir usikre på kor mange nye menneske det bør bu i Mongstad-industrien sitt nærområde. Lindås kommune har nettopp kome i mål etter ein årelang og klassisk konflikt mellom busetnad og areal til næring/industri – på Ikenberget. Den viser, i ein langt mindre målestokk, at bumiljø reagerer når næringsaktivitet kjem for tett på. Lærdomen frå Ikenberget kan vera naturleg å ta med seg når Mongstad-industrien skal få nye areal. At eksisterande bygder kjempar mot å få industrien sine problem tettare innpå seg enn dei alt har, må politikarane leva med og ta omsyn til. Likeeins må dei som tenkjer ny busetnad, vera obs på at potensielle etablerarar også vil tenkja seg om to gonger før dei etablerer seg nær ein utvida storindustri.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






