Strilen / Leiar / Også eit lokalt ansvar
Brukernavn 
Passord 
 

Også eit lokalt ansvar

Del | |

Folkehelsa i Nordhordland og Gulen varierer. Det kjem fram over ei dobbeltside i Strilen førre veke, der me omtaler «Folkehelseprofilen».

Publisert 17.01.12 10:46
Endret 17.01.12 10:46

Dette er konklusjonar trekt på bakgrunn av tal og statistikk som Folkehelseinstituttet har gått gjennom. All statistikken er basert på dagens kommunegrenser.

Skal me tru Fedje sin profil, røykjer dei meir i havgapet enn i andre kommunar. Men kommunen har også fleire innbyggjarar over 80 år og mindre kols og astma. Det kan få både kommunelegen og alle oss andre til å undra seg litt. Er statistikkar for mindre kommunar gode nok til å trekkja sikre konklusjonar? I dei aller minste kommunane, som Modalen, vedgår Folkehelseinstituttet sjølv at dei ikkje kan seia noko sikkert på ein del område. Likevel håpar me at både administrasjon og politisk leiing i kommunane les gjennom det som er hovudtrekk i folkehelsa i sin kommune.

Alt kan ikkje bestemmast gjennom lover, men frå 1. januar i år trådde faktisk «Lov om folkehelsearbeid» i kraft. Dei omtalte profilane er eit bidrag til det arbeidet kommunane skal gjera. Me går ut frå at ein del av konklusjonane stemmer. At nokre mindre kommunar har høgare snittalder, er vel til dømes både godt og gale. Det indikerer at det er godt å bu i kommunen, men gjev også eit varsko om å få inn meir «nytt blod».

I dagens opplyste samfunn er det naturleg at den enkelte må ha eit hovudansvar for si eiga helse. Dei fleste forstår at å leva sunt er lurt, og at til dømes røyking i verste fall kan redusera levealderen. Men folkehelse startar også i lokalmiljøet, kanskje i eit aktivt turlag eller idrettslag og gjennom god behandling hjå kommunen sine legar når det trengst. Den nye lova om folkehelsearbeid pålegg kommunane å skaffa seg oversikt over statusen blant sine innbyggjarar.

Det er eit ansvar me håpar kommunane tek på alvor og gjer noko aktiv med, på ein måte som førebyggjer der tala viser at det trengst.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler