Strilen / Leiar / På tide å rydda opp
Brukernavn 
Passord 
 

På tide å rydda opp

Del | |

Lindås har nyleg fått rapport om kva som bør gjerast med kyrkjebygga. Den viser eit forfall som er kalkulert til 2,6 millionar kroner å retta opp.

Publisert 04.06.12 18:17
Endret 04.06.12 18:16

Rapporten av laga av Bergen kirkelige fellsråd si avdeling for byggrådgjeving.
Av dei åtte kyrkjene i Lindås har den nyrenoverte på Myking og det nyaste kyrkjebygget på Ostereidet ikkje vorte kontrollerte i denne omgang. Kyrkjeverja i Lindås skal ha ros for å kopla inn ein faginstans frå Bergen for å gjera jobben. Det borgar gjerne for ein litt meir uhilda rapport enn om kommunen skulle sjekka seg sjølv. Rapporten avdekkar kledning og vassbord med råteskader, manglande heller på taket, lekkasjar og problem med vatn og vindauge som må skiftast, for å nemna noko. Trapperekkverket til Alversund-kyrkja er ikkje sikkert nok og bør stengjast. Rapporten set Lindås i skammekroken. Dette er for flaut til at politikarane kan sitja med nevane i fanget lenger.

Rapporten kjem om lag på same tid som kommunestyret har gjeve eit endeleg fleirtal for å byggja ny kyrkje i Knarvik. Dessutan åtvarer kontrollørane om at rapporten ikkje er uttømmande. Me er redde ein grundigare sjekk vil avdekka fleire andre og dyre manglar å retta opp i. Likevel ser det ut for at Lindås kan koma langt med fire-fem millionar kroner. Rapportar frå andre kantar av landet tyder på at også andre kommunar enn Lindås tek lett på å ta vare på kyrkjene sine. Det er trist, men Lindås bør gjera raske grep for å koma ut or denne klassen. Med dei inntektene Lindås har, kan me ikkje begripa at økonomien skal hindra kommunen i å rydda opp. Me synest Lindås kommune maksimalt bør gje seg to år til å rydda opp. Dersom ikkje kommunen gjer meir enn i dag for å ta vare på sine eksisterande gudshus, vil mange reagera på at ein ser seg i stand til å byggja ei ny kyrkje i Knarvik.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




- Ikkje la oss betala rekninga!

- Ikkje la oss betala rekninga!

MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.

    Vil gje Skodvin utsetjing

    Vil gje Skodvin utsetjing

    LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

      Radøyløpet vart folkefest

      Radøyløpet vart folkefest

      Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.

        Folkemøte på Byrknes

        GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

          Ayla måtte avlivast

          Ayla måtte avlivast

          MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

            Lathi på Everest for andre gong

            Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler