På tide å setja punktum
Eit nytt politisk vedtak er gjort i den langvarige striden om gjerde mellom eigedommane til Foss Eiendom og Reklamehuset.
Endret 26.02.10 17:52
Planutvalet støttar rådmannen sitt krav om tvangsmulkt dersom ikkje Foss har fjerna gjerdet innan 15. mars. Men vedtaket opnar også for forhandlingar, etter at Bjarne Foss har kome med et ope brev der han skuldar kommunen blant anna for psykisk terror, usannheiter og feilinformasjon.Den klagande parten mot gjerdet, Reklamehuset, har valt å ikkje gje kommentarar.
Det ein fysisk kan slå fast, er at Reklamehuset ligg fem meter frå grensa til Foss, men at avstanden til inngang/trappehus berre er to meter. Foss slåst for retten til å gjerda inne eiga tomt, medan gjerdet hindrar tilkomst til ein del av Reklamehuset sine p-plassar. Det er grunnlaget for deira klage, som administrasjonen i Lindås legg vekt på.
Det ein også ser, er at Foss og Reklame-huset var samde for kring åtte år sidan då ein makeskifteavtale vart inngått. Den seier at Reklamehuset «til en hver tid skal ha rett til å disponere 7 parkeringsplasser» på Foss Eiendom.
No er ikkje dei to naboane på talefot og politikarane fortvilar. Om saka hamnar i retten, vil makeskifteavtalen truleg stå sentralt. Me håpar det kan unngåast. Men i så fall er me redde det vil synleggjera både dårleg administrativt og politisk handverk frå Lindås kommune si side.
Forretningsfolk som kjøper tomt i Knarvik, gjer det først og fremst for å tena pengar. Dei viktigaste spelereglane for å få opp eit godkjend bygg med nok p-plassar, ligg i Plan- og bygningslova. Den skal kommunen leggja til grunn når dei får inn ein søknad.
Når to private naboar hamnar i krangel, blant anna om eigedomsrett, må dei sjølve vurdera kva dei vil yta til ei minneleg løysing før dei går til retten. I dette tilfellet er det to forretningsdrivande naboar som kranglar.
Dei sjølve, administrasjonen og politikarane må sjølve vurdera kor ryddig dei har opptredd. Men eit avgjerande ansvar for at spelereglane vert følgde, ligg heile tida hjå kommunen.
Så vidt me kan sjå har administrasjonen i Lindås gjort feil, men vil så langt ikkje ope vedgå dette. Politikarane har i sin tur gjort vedtak Fylkesmannen har oppheva. Difor sit kommunen med eit klart ansvar for å prøva finna ei løysing. Det burde verta ei framtidsretta løysing, utan gjerde og med bygg til glede og nytte for begge tomteeigarane.
Skal forhandlingar føra fram, må både kommunen og dei to partane ikkje berre stilla med krav til kva dei andre kan tilby.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






