Strilen / Leiar / Prøv båten
Brukernavn 
Passord 
 

Prøv båten

Del | |

Måndag 5. desember kunne lokale pendlarar og andre igjen setja seg på båten til Bergen. Ruta er starta opp av det private selskapet BNR, som også driv snøggbåt mellom Askøy og Bergen.

Publisert 07.12.11 16:38
Endret 07.12.11 16:43

Vår region hadde også snøggbåt i 15 år frå 1979 til 1994, då opninga av Nordhordlandsbrua tok bort grunnlaget.

Så er spørsmålet om grunnlaget no er godt nok for eit tilbod som inntil vidare kostar vesentleg meir enn å ta bussen. Talket på reisande dei første dagane var ikkje oppløftande. Åtte-ti passasjerar frå Knarvik og like mange frå Frekhaug på dei første avgangane, gjev naturleg nok for små billettinntekter til å driva særleg lenge. Samstundes var stemninga god blant dei som tok imot tilbodet og kjøpte seg månadskort til 1800 kroner.

BNR sitt mannskap ytte god service, og leiinga vurderer grep som skal gjera det enklare  å bruka båten, blant anna til­bringar­buss. «Hardangerprins» med plass til 97 passasjerar sikrar ei behageleg reise på under halvtimen mellom Knarvik og Bergen, endå litt kortare for Frekhaug-passasjerane. Så langt synest me at BNR har stillt opp 100 prosent av det ein kan forventa av selskapet.

Også første dagen gjekk diskusjonen vidare om Hordaland fylkeskommune sin vilje til å utvida det lokale kollektiv-tilbodet. Pål Kårbø frå KrF har difor all grunn til å utfordra partia som vender tommelen ned for eit felles periodekort for båt/buss 250 kroner dyrare enn dagens busskort til 760 kroner. Det forslaget avviste fylkesutvalet 29. november. Men Kårbø og KrF har dekning for forslaget ved å setja av 3,5 millionar kroner i 2012-budsjettet.

Det kan ein av dei største lokale tilhengjarane av snøggbåt, ordførar Nils Marton Aadland frå Høgre, støtta som fylkestingsrepre­sen­tant i budsjettmøtet 13. desember. Men han kan og verta «pålagt» å stemma nei for å sikra fleirtal for H/Frp/Venstre sitt budsjett. Der er det nemleg ingen fylkeskommunale kroner til drift av snøggbåt, trass fagre ord om dette i valkampen frå fleire parti.

Dersom fleirtalet skulle snu, trur me det er ei fornuftig investering som kan sikra at båten vert meir enn eit blaff. Me ser for oss at det vil auka talet på kollektivreisande, slik at Skyss sine bussruter ikkje får særleg stor nedgang. Men då er det fleire pendlarar og andre som må ta utfordringa og parkera bilen i Knarvik eller på Frekhaug.  Me ser dei økonomiske motargumenta i høve til å reisa med buss.

Men me trur og dei som prøver båten, vil sjå at det er ein behageleg reisemåte dei vil satsa på anten dagleg eller av og til, og som dermed bør ha livets rett.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler