Strilen / Leiar / Raffineri skal ikkje leka gass
Brukernavn 
Passord 
 

Raffineri skal ikkje leka gass

Etter ein ny gasslekkasje hjå Statoil Mongstad 8. februar, har Petroleumstilsynet starta ei eiga gransking.

Publisert 19.02.10 17:37
Endret 19.02.10 17:37

Lekkasjen førte til at kring 700 tilsette vart evakuerte. Tre spesialistar frå det statlege tilsynet drog til Mongstad alt dagen etter utsleppet, som raskt vart avdekka og stogga.

I det siste tilfellet var det svært brannfarleg LPG-gass som lak ut. Når granskarane no skal prøva å koma fram til ein konklusjon, vil dei naturleg nok også henta inn opplysningar om to andre lekkasjar sidan september i fjor.

Me håpar Statoil sine eigne rutinar også omfattar å laga ein grundig rapport om lekkasjar der Petroleumstilsynet ikkje dukkar opp og set i verk gransking. Det kan hjelpa tilsynet sine folk til å sjå om det er samanheng mellom lekkasjane.

Me forstår at ei gransking må vera grundig. Men at Petroleumstilsynet normalt brukar tre månader på slike rapportar, høyrest lenge ut.

Granskinga vart bestemt etter eit kontaktmøte mellom tilsynet og Statoil Mongstad. Det må oppfattast som om granskarane er velkomne til å koma på kontroll og gjera sine undersøkingar. Slik må det naturleg nok også vera.

Slik me oppfattar det, er det ei grense for kva lekkasjar Petroleumstilsynet vurderer som alvorlege og ikkje alvorlege. To nylege lekkasjar var ikkje alvorlege nok til at tilsynet tok turen frå Stavanger. Er dei som jobbar på raffineriet nøgde med det?

Det er gjerne rett å minna om at minst fem personar omkom i ein kraftig gasseksplosjon i eit kraftverk i USA nokså nøyaktig på same tid som siste lekkasjen på Mongstad.

Alle kan forstå oppfatninga til hovudverneombod Kjetil Gjerstad: «Me kan ikkje ha eit raffineri som har lekkasjar». Han slår fast at eit ledd i systemet har svikta.

Så vidt me kan bedømma, vedlikeheld Statoil raffineriet på Mongstad ofte og godt, og skal gjera det komande haust. Med tre gasslekkasjar på kort tid er det likevel på tide at Petroleumstilsynet er i gang med ei grundig gransking.

At den kjem fram til ein sikker konklusjon er endå viktigare. Då er det også avgjerande at alle kort kjem på bordet frå dei som har opplysningar å bidra med. Det må gjelda uansett om opplysningane indikerer menneskeleg svikt, dårlege rutinar, dårleg vedlikehald eller andre faktorar.

Utad er det også viktig at rapporten som kjem, vert offentleg publisert.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler