Strilen / Leiar / Redda av Gulen-elevar
Brukernavn 
Passord 
 

Redda av Gulen-elevar

Førstegongsinntaket til dei vidaregåande skulane viser at Austrheim vidaregåande tildels er redda av elevar utanfrå fylket, frå kommunane Gulen og Solund i Sogn og Fjordane.

Publisert 16.07.10 21:58
Endret 16.07.10 21:58

Tidlegare i år har skulen vore gjennom ein kuttrunde, der skuleadministrasjonen har vist til at dei kan driva klassar fornuftig med færre elevar enn vanleg, ved å ha undervisning i enkelte fag saman med andre studieretningar.

Utviklinga på Austrheim vidaregåande er eit resultat av ordninga med fritt skuleval. Fylkespolitikarane avgjorde at ungdommane sjølve fritt skulle få velja vidaregåande skule frå skuleåret 2005/2006. Ordninga inneber at ungdommane kan søka plass på kva skule dei vil av dei offentlege vidaregåande skulane i Hordaland. Det er karakterpoengsummen som avgjer kvar eleven får plass, med mindre det er særskilte tilhøve som kvalifiserer til eit tilbod ved ein skule i nærområdet.

Det frie skulevalet gjer det endå viktigare for ungdommane å ha så gode karakterar som mogleg, for då står dei framme i lista ved skulevalet. Ordningar som motiverer til å jobba med skulefaga, er bra. Det er med å bygga opp gode arbeidsrutinar. Ikkje alle ungdommar har like gode arbeidsrutinar, og kan nok få seg ei overrasking når dei skal ut i eit arbeidsliv der det er krav først og løn etterpå.

Ei av dei negative sidene ved det frie skulevalet er at dei vidaregåande skulane ikkje veit kva dei har å halda seg til, frå eit skuleår til eit anna. Dersom utdanningstilbodet stendig skal snuast, er det vanskeleg å tilpassa dette til den kompetansen dei tilsette lærarane har.

I tillegg kan det vera negativt for komande elevar, ungdommar som har planar om å søka eit kurs hausten 2011 kan oppleva at det forsvinn før den tid.

Å la ungdommane bestemma kvar dei går på skule, er i utgangspunktet bra. Det negative er når varierande søknad slår beina under tilbodet. Når ordninga først er som den er, er det viktig at fylkespolitikarane har eit auge for kontinuiteten i tilbodet ved dei ulike skulane.

Er eit tilbod starta opp, må det få litt tid på seg, og eit så sentralt utdanningstilbod som studiespesialisering kan ikkje kuttast utan vidare. Med den satsinga som vert snakka om på realfag, verkar det meiningslaust at ein skule så nære Mongstad ikkje skal ha eit tilbod som kvalifiserer for ingeniørutdanning. Særleg må skular som Austrheim VGS, som har vist at det er mogleg å driva klassar rimeleg ved samundervisning på tvers av faga, frå fridom til å ha eit så breitt tilbod som mogleg.

Og skulle det kosta fylket litt meir eitt år, må det også vera greitt. For innføringa av fritt skuleval var vel ikkje eit sparetiltak?


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler