Strilen / Leiar / Reform utan finansiering
Brukernavn 
Passord 
 

Reform utan finansiering

Del | |

Kommunane i Nordhordland og Gulen gjorde før jul sine budsjettvedtak for 2012, der budsjetta vart sett opp med ein liten eller helst større pluss.

Publisert 28.12.11 16:56
Endret 28.12.11 16:56

Kommunane har føringar å halda seg til, og må innan nyttår gjera greie for korleis dei skal hushaldera det komande året. Budsjettmøta skapar ofte debatt, som i Meland der opposisjonen vil auka eigedomsskatten for å unngå kutt i drifta. Og i Lindås der fleire parti tok til orde for å venta med kyrkja i Knarvik, og heller prioritera andre investeringar.

Budsjettdiskusjonane vert ofte størst på dei minste summane. 100.000 kroner til eit bibliotek, eller ein liknande sum til ungdomskontakten Salto, kan starta lange diskusjonar. Like etter går millionsummar forbi utan debatt. Forskjellen er gjerne at millionane er bundne opp til dei største utgiftspostane i kommunen, skule og helse/omsorg. Her er det lite rom for politikarane til å sjonglera på kronene, kvar elev og kvar pleietrengande må ha sitt.

Det er sjølvsagt ikkje noko gale med at skule og helse/omsorg krev mykje. Dette er viktige sektorarar som kommunane skal bruka mykje pengar på. Utfordringa vert at dei innvalde kommunestyrerepresentane berre plasserer pengane der storting, regjering og departement alt har bestemt at kronene skal plasserast. Handlingsrommet for å utøva lokalpolitikk er lite, rammetilskotet dekkar knapt dei lovpålagde oppgåvene, og dermed vert det stor debatt om dei småsummane som er til «fri» plassering.

No ser det ut for at samhandlingsreformen vert nok ein reform der kommunane berre skal plassera staten sine pengar. Fleire kommunestyre fekk like før jul ei siste orientering om reformen, som skal fungera frå nyttår. Det er klart at størstedelen av dei pengane kommunane får til reformen, skal betalast vidare til sjukehusa som delbetaling for at innbyggjarane av ulike grunnar må leggast inn.

Til alle dei andre oppgåvene, som til dømes langsiktig førebyggande helsearbeid, er det lite pengar att. Dermed ser dette meir og meir ut som ein reform der finansieringa ikkje er i tråd med alle fine målsettingane. Då er det eit spørsmål kvifor pengane i det heile skal gå via kommunane. Lokalpolitikarane bør ha større oppgåver enn å vidarebetala statlege midlar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler