Samarbeid er vanskeleg
Først sa kommunestyret i Masfjorden nei til å vera med på ein fleirbrukshall i Steine-området i Gulen, ein hall som næringslivet i Sløvåg har lova mykje pengar til.
Endret 13.07.10 16:57
Masfjorden sitt nei førte til at Gulen kommune får store problem med å realisera prosjektet, sidan dei ikkje fekk ein annan kommune med på å dela rekninga til oppføring og drift.
No er det masfjordingane som har hallplanar, og denne gongen er det Gulen som seier nei til å vera med på noko samarbeid. Å samla Nav-kontor, barnevern, rehabilitering og meir til på Hosteland vert eit for omfattande samarbeid, er meldinga frå formannskapet i Gulen.
Nav-kontor og barnevern er tenester som det er naturleg at den enkelte kommune utfører sjølv. Men det er ikkje slik, korkje for desse eller andre arbeidsoppgåver som kommunane utfører, at det må vera tilsvarande kontor innanfor kvar kommune. Utgangspunktet må vera at ein finn ut kva som er best for innbyggjarane, og så legg opp tenestene etter det.
Både Masfjorden og Gulen er småkommunar når ein ser på folketalet. Det er eit argument for meir samarbeid. Så kan ein sjølvsagt peika på arealstorleiken til kommunane, og visa til at samlokalisering av tenester vil gje enkelte lengre reiseveg. Det er sant, men for dei fleste av innbyggjarane er det lang reiseveg nesten uansett kvar eit kontor måtte hamna. Om ein som bur på Byrknes må til Eivindvik eller til Hosteland for å gå på Nav-kontoret, er vel stort sett det same. Og om nokon som er busett på Sandnes vil i bassenget, er det kortare til Steine enn til Matre.
Kommunikasjonane våre har også endra seg mykje sidan den gongen dagens kommunegrenser vart dregne opp. Før var det fjorden som var reiseveg, i dag kan ein ta seg raskt fram på vegar langsetter fjordarmane. Og medan ein før måtte «på kommunen» for å få ordna både eitt og hitt, kan det meste no fiksast via skjema som ligg på kommunane sine heimesider. Akkurat kvar kontoret då ligg, er underordna.
Faren med å sjå for strengt på kommunegrensene, er at lokaliseringsstriden vert viktigare enn å få på plass dei nye tilboda. I kampen for å få noko plassert i si bygd, i sin kommune, kan ein risikera at det heile renn ut i sanden.
Å sjå over kommunegrensene kan kanskje vera vanskeleg for kommunepatriotar i lokalpolitikken, men er likevel naudsynt for å sikra innbyggjarane det beste tilbodet.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






