Strilen / Leiar / Samarbeid på prøve
Brukernavn 
Passord 
 

Samarbeid på prøve

Del | |

Ulike oppfatningar om skulenedlegging gjer at fleirtalspartia KrF/Høgre/Frp i Lindås kommune klarar ikkje verta samde om budsjettet.

Publisert 17.11.09 10:21
Endret 17.11.09 10:09

Skuleplanen som Lindås kommunestyre snart skal vedta, viser at samarbeidet mellom Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet og Høgre er i ferd med å slå sprekker. Frp går inn for å støtta rådmannen sitt framlegg om å leggja ned fire barneskular. Også eit mindretal i Høgre vil leggja ned skular, medan KrF er samd med fleire av partia utanfor fleirtalet, som ikkje vil leggja ned skular. Ulike oppfatningar om skulane gjer også at fleirtalspartia så langt ikkje har klart å samla seg om budsjett for 2010 og økonomiplan vidare.

Eit fleirtal av politikarane ser så langt ut til å gje grønt lys for tre store prosjekt med oppstart i 2010: Kyrkje i Knarvik, idrettshall på Lindås og ny skule på Seim. Sluttrekninga kan hamna på kring 200 millionar kroner.  Så vert spørsmålet om nedlegging av skular vil endra behovet for investeringar. Alt tyder på at det vert lagt ned skular, truleg to eller fire. Og rådmannen sitt økonomiske råd er å satsa på ei rask utbygging av mottakande skular for å gje elevane eit mest mogleg likeverdig tilbod. Rådmannen vil venta med andre nye store prosjekt som kyrkje i Knarvik og idrettshall på Lindås. Lindås kommune står seg godt økonomisk og kan visa til pluss 40 millionar i resultat to år på rad. Men lånegjelda på veg mot 1 milliard kroner. Med aukande rente er vårt råd at Lindås-politikarane må tenkja grundig gjennom om dei kan vera i ferd med å ta seg vatn over hovudet.

Så langt har det vore brei semje i den ferske koalisjonen mellom KrF, Frp og Høgre. Total usemje om noko så viktig som skulestrukturen set naturleg nok samarbeidet på ei hard prøve. Men eitt av partia, Frp, vil også privatisera ei avdeling ved Knarvik Sjukeheim. Ein slik politikk kan møta kraftig motstand blant anna i KrF, samstundes som både fleirtalet i Høgre og heile KrF har sterke kjensler for dagens skular. Dermed er det usemje på to svært viktige politikkområde: Skule, og pleie og omsorg. Det er ikkje det beste grunnlaget for eit samarbeid som skal vara i fire år eller kanskje vidare. Det er lett å seia at Frp/KrF/Høgre vil samla seg om eit felles budsjett når skuleplanen er avklart 26. november. Det vert lettare om skuleplanen vert avklart med eit klart fleirtal, men per i dag er me usikre på om det vil skje. Og ulike syn mellom dei tre samarbeidande partia kan koma til å setja samarbeidet på nye prøvar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler