Strilen / Leiar / Sjå vestover!
Brukernavn 
Passord 
 

Sjå vestover!

«Samhandlingsreformarbeidet i Nordhordland» er på dagsorden i fleire kommunestyre denne veka. Utsendingar frå Regionrådet orienterer om arbeidet, som i korte trekk kan føra fram til eit lokalt «minisjukehus».

Publisert 11.02.10 10:26
Endret 11.02.10 10:13

Kommunane i Regionrådet er og bedne om å gje eit svar: Vil de vera med på i eit samarbeid eller ikkje.

Lokalpolitikarar som er i stuss på korleis eit lokalt tilbod kan verta, kan gå inn på www.vestnytt.no. Avisa har reportasje om ei avdeling for sjukehuspasientar som vart opna på Straume førre torsdag.

Der fekk Jan Rottman frå Askøy blomar som første pasient. Han fekk bytta eit kne og hinkar rundt i gangane på krykkjer. Avisa får vita at Rottman er for frisk til å vera på sjukehus, men for sjuk til å klara seg åleine heime.

Fordelane med ei slik satsing synest tydelege: Sjukehus slepp å ta vare på pasientar som kan få hjelp i nærmiljøet. Pasientane får eit lite og oversiktleg miljø. Dei kan lettare få besøk av familien, og tilbodet verkar attraktivt blant dei fagfolka som trengst.

På Straume står no seks nye enkeltrom klare. Dei skal brukast av pasientar som har vore innlagt på nevrologisk eller ortopedisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus. Det er Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som har gått saman om tilbodet.

Ordførarar i Nordhordland skal ha fått skryt frå den nye helseministeren for sitt initiativ for å møta Samhandlingsre-formen. I så fall håpar me dei gløttar litt vestover og ser at andre alt har kome i funksjon.

Stortinget skal ha ei avklaring kring Samhandlings-reforma i april. Alt tyder på at reforma kjem, utan at ein no veit nøyaktig kor store summar som følgjer med. Difor trur me det er viktig å halda oppe tempoet i den lokale avklaringa. Den må også gje svar på om det er aktuelt at eit lokalt «minisjukehus» skal ta imot pasientar frå nordre delen av Åsane.

Kvifor ikkje? På eitt tidspunkt må det også innebera eit stadval. Sjølv om Nordhordland er ein stor region, er kommunikasjonane såpass gode at det må vera naturleg med eitt tilbod. Skal den nye reformen gjelda frå 2012, er det og grenser for kor lenge ein skal utsetja stadvalet.

Skal eit lokale vera fysisk klart i 2012, må ein finna ut av om eksisterande lokale kan nyttast, eller om det må byggjast nytt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler