Skryt må ikkje undervurderast
Lokal omdømmebygging var tema på Mongstad denne veka. Der fekk lokale politikarar og næringslivsfolk høyra at «Nordhordland er fantastisk, men det er langt på veg hemmeleg».
Endret 11.12.11 00:25
Påstanden kom frå ein konsulent i Markup Consulting. Konsulenten viste til at fleire og fleire regionar set fokus på korleis dei skal marknadsføra seg. Stavangerområdet har til dømes nådd gjennom som «Energiregionen».
Samlinga denne veka har som mål at Mongstad skal vera ein spydspiss for Nordhordland sitt omdømme. Etter ei kartlegging, skal arbeidet gå vidare med nye møte. Me trur ei slik kartlegging er viktig, og me trur at Mongstad er eit svært viktig element i ei god marknadsføring av Nordhordland. Då må ein også vera litt sjølvkritisk.
Austrheim sin nye ordførar, fram til no Statoil-tilsett, er misnøgd med korleis media framstiller ulike delar av næringslivet på Mongstad. Media er ofte ei god skyteskive, men då håpar me at den kartlegginga som vert gjort, og kan få fram kvifor Mongstad frå tid til anna vert negativt framstilt. Har ein det rette svaret på det, er det og lettare å gjera noko med det, eventuelt rydda bort feiloppfatningar og vrangførestillingar.
Når ordføraren seier at raffineriet og oljeterminalen vert drifta heilt i verdsklasse, bør me ikkje gløyma forbetringsprogrammet Statoil Mongstad held på med. Store summar skal sparast inn for å verta meir konkurransedyktig, og det må gjerast med krum hals. Samstundes må ein frå fram, som informasjonsleiaren ved Statoil påpeikar, at det er kunnskapsbedrifter som er samla på Mongstad.
Etter vårt syn bør me ikkje ta som utgangspunkt at Mongstad og resten av Nordhordland har eit dårleg omdømme. Fleire og fleire flytter til regionen og trivest her. Som innbyggjarar bør me vera ambassadørar for regionen ved å skryta av det me meiner er positivt med Nordhordland. Verdien av skryt skal ikkje undervurderast.
Samstundes må me vera så ærlege å vedgå at me også treng ei god oppskrift på å løfta omdømmet endå eit hakk. Positive ordførarar eller styreleiarar i lokale bedrifter kan ikkje klubba for eit godt omdømme. Det må jobbast for.
Difor må alle som kan koma med positive innspel til det arbeidet Austrheim og Lindås har starta opp saman med Industriutvikling Vest AS.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






