Strilen / Leiar / Snøen er kvit for alle
Brukernavn 
Passord 
 

Snøen er kvit for alle

No har snøen lagt lenge, og lenger skal den ligga, og meir skal det komma. Dei siste dagane har snøen verkeleg sett sitt preg på kvardagen. Mange frydar seg framleis over godt skiføre, men ikkje alle klarer å gleda seg over alt dette kvite. 

Publisert 24.02.10 17:40
Endret 24.02.10 17:40

Sjølv om ein lang vinter har gitt sjåførar god glattkøyringstrening, oppstår det fort trafikale problem når snøen lavar ned og brøytemannskapa ikkje er kjappe nok. Måndag ettermiddag var det kaos på vegane, med dødsulukke i Os, front-mot-front-kollisjon ved Bjørsvik og saktegåande trafikk i Knarvik og omegn. Medan nokre seinkar farten etter forholda, har andre det travelt. Uansett er vegen kvit for alle. Om du sjølv kjenner deg sikker på at underlaget ikkje byr på problem, er det slett ikkje sikkert at sjåføren i bilen føre deg er det. Tenk over om dei to minuttane du sparar på å køyra forbi, er verd risikoen. Tel til ti før du kjeftar på andre som har køyrd seg fast i snøen eller av andre grunnar seinkar deg. Ta omsyn til andre i trafikken, også du som køyrer svært forsiktig. Set på blinklyset og slepp dei ivrigaste forbi på ein trygg måte.


Brøytemannskapa har det travelt for tida. Me har stadig lesarar på tråden som klagar på dårleg brøyting, både på vegar og fortau. I Knarvik er det slett ikkje lett å komma seg fram. Pågåande vegarbeid har sender fotgjengarane ut i bilvegen, og uforsvarleg glatte fortau finst det mange av. Aller helst har nok fortaua forsvunne under snøen. Og med brøytekantar så høge som lastebilar, vert omvegane både lange og farlege for dei som ikkje vel å klatra med snø til låra.


Spesielt går tankane til dei som er avhengige av hjelpemiddel for å gå ute. Ein rullestol kjem ikkje langt på dette føret. Ei barnevogn vert ei stor utfordring å få med seg. Og enkelte med rullator har kanskje ikkje våga seg ut sidan før jul. Dei aller fleste klarar seg fint, men fordi nokre har behov for ekstra bistand i snøen og kulden, har mellom anna Lindås kommune ekstra beredskap. Om du kjenner nokon som kunne trenga hjelp, ring kommunen og gje dei tips.


Me har ei oppfordring til alle strilar - sjå rundt deg. Har du det eigentleg så ille? Kan du gje andre ei hjelpande hand? Hjelp til å grava fram ein bil, spa ut nokon sin oppkjørsel eller ring bestemor og ta ho med ut. Snøen er kvit for alle. Men kos kan fort verta kaos.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler