Stor utfordring
Ferjefri kryssing av Masfjorden vart tatt opp på siste kommunestyremøtet. Bakgrunnen er at bindinga av konsesjonskraftmidlar i fylket er over i 2013.
Endret 01.03.10 19:12
Saka vart sett på kartet av fungerande ordførar Kari Skår Sørheim (KrF) etter eit besøk av partikollega og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Masfjorden vil prøva å få fylkeskommunen til å binda kraftmidlane dei neste åra til ei ferjefri kryssing av Masfjorden.
At politikarane i ein oppdelt kommune som Masfjorden lengtar etter at ei bru skal avløysa den vesle kabelferja, er forståeleg. Fjorden er 750 meter brei og prislappen for ei bru vert dermed fleire hundre millionar kroner.
Kritikarar kan seia at kostnaden for samfunnet vert for høg i høve til kor mange personar som får nytte av eit slikt samband. Men ser ein på kartet, ser ein at dette er eit samband som vil knyta nye område direkte til E39. Det gjeld blant anna Sløvåg-regionen og industrien der.
Samfunnsnytten ved eit slikt prosjekt bør vera stor nok til at det kan forsvarast. Blant anna kan det visast til jamn auke i trafikken med ferja, ikkje minst tungtrafikk. Og nytten for dei lokale områda på begge sider av fjorden bør vera udiskutabel. Difor skal Masfjorden-politikarane ha all ros for å ta opp med fylket å styra konsesjonskraftmidlar til eit vegprosjekt i Nordhordland.
Er så fylkespolitikarane klare til å visa solidaritet og støtta Masfjorden sitt innspel? Konsesjonskraftmidlar har blant anna vorte sett inn for å finansiera Hardangerbrua. Det er eit prosjekt det har vore delte meiningar om nytten av, men som no vert realisert.
Frå 2013 er det ope for å få inn nye prosjekt finansiert med kraftmidlar. I den kampen er det flott at Masfjorden kastar seg inn. Spørsmålet er kor stor bit av midlane ein kan klara å kapra.
Årleg kjem det inn kring 80 millionar kroner, men eitt av problema er at ein del av midlane per i dag er bundne til drift av fylkeskommunen. Det bør både Masfjorden og andre kommunar prøva å få slutt på! Den slags midlar bør gå til regional utvikling som vegar og bruer.
Får Masfjorden berre avsett det kommunen bidreg med sjølv, er det snakk om kring sju millionar kroner i året. Det vert truleg for pinglete som eigenkapital. Uansett er tanken om å oppretta eit vegfond fornuftig. Utfordringa vert uansett stor for ein liten kommune.
Men kan kommunen sjølv klara å bidra, står ein også sterkare i kampen om konsesjonskraftmidlar. Og med eigenkapital står ein også sterkare i å skaffa andre midlar.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






