Strilen / Leiar / Store løft
Brukernavn 
Passord 
 

Store løft

Del | |

Lindås har fått sitt budsjett for 2012 og økonomiplan for dei tre neste åra. Det skjedde på det årlege budsjettmøtet i Strilatun torsdag.

Publisert 12.12.11 18:01
Endret 12.12.11 18:01

Både Ap og Frp hadde eigne framlegg både for drift og investeringar. Uansett får rådmannen det stort sett som han vil. Det gjer han i ein kommune med god økonomi, inntil vidare blant anna på grunn av forutsigbare og store inntekter frå eigedomsskatten på Mongstad. Lindås gjer ferdig påbyrja skuleanlegg på Lindås og Leiknes inkludert storstove og byggjer nye Seim skule. Det siste er ei satsing på ikkje mindre enn 90 millionar kroner.

I tillegg skal ein gje Eikanger skule eit første byggjesteg på ny skule. Det Lindås vil realisera i tråd med tidlegare vedtak, er etter vår vurdering slik ein forutsigbar kommune skal drivast. Og ser ein på storleiken på tala, gjer Lindås eit imponerande løft på skulesektoren, og vil truleg rydda plass også for ei kyrkje i Knarvik som vert dyrare enn rekna med.

Spørsmålet ein må stilla seg, er om pleie og omsorg kjem på etterskot.

Når tonen mellom KrF/Høgre/Sp/Venstre og dei to andre partia ikkje er like fredfull som for eit år sidan, er forklaringa klar nok: Omkampen som kom om ein skulebruksplan det var gjort eit «lovleg» fatta fleirtalsvedtak på. Siste vedtak gjeld alltid, men forutsigbarheten får då ein knekk, slik som tonen mellom Ap, Frp og fleirtalspartia har gjort.

Det som etter kvart må avklarast, er framtida for skulane Festo og Kløvheim. Dei vil fleirtalet «koma attende til», og det bør skje kvikt. Standarden på desse skulane, om dei skal leva vidare, og på Skodvin og gamledelen av Alversund-skulen må og avklarast.

Lindås har detaljerte tal frå 2007 på kva ei opprusting av skulane vil kosta. Politikarane har no prioriert kva bygder som skal få nye og gode skular. Dei fleste forstår er at heller ikkje Lindås kan investera over evne, og at nokon må venta på tur.

Av og til må ein til og med seia nei, slik fleirtalet gjorde til å laga skytebane på den nye Seim-skulen.

Men politikarane bør og prøva å seia frå om kor tid alle elevar i Lindås skal få like gode skular, eller om prisen for å ha ein grenda­skule er at den aldri får ein like god standard som dei andre skulane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler