Strilen / Leiar / Tenk på elevane
Brukernavn 
Passord 
 

Tenk på elevane

To gonger denne veka har foreldregruppa ved Skodvin skule fått medhald i søknaden om å utsetja nedlegginga av skulen til sommaren 2012.

Publisert 27.08.10 17:54
Endret 27.08.10 17:54

Først i utval for levekår tysdag, og igjen i formannskapet torsdag. Men enno er ikkje saka avgjort, og det vert nok spennande dagar for mange fram til kommunestyret 16. september.

Då eit fleirtal i kommunestyret i juni vedtok å leggja ned mellom andre Skodvin skule, var det eit uttalt mål at mottakarskulane skulle vera ferdig utbygde før overføringa av elevar starta. Torsdag fekk formannskapet ei orientering frå kommunen si eigedomsavdeling, der det klart gjekk fram at dette ikkje vert tilfelle for Lindås barneskule i høve til Skodvin skule. Februar 2012 skal LIndås vera ferdig utbygd, og i byggjeperioden må elevar ha undervisning mellom anna i brakker, for å få romkabalen til å gå opp.

Det er politikarane sjølve som må ta ansvaret for denne tidsknipa. Kommunestyret utsette skulesaka frå hausten 2009 til sommaren 2010, akkurat like mange månader som manglar på at Lindås barneskule kunne vore klar til å ta i mot elevar frå hausten 2011. No må dei same politikarane gjera ei vurdering av om det er best for elevane på Skodvin å halda fram ved skulen i alle fall til sommaren 2012, eller om dei skal flyttast til Lindås og verta ein del av byggjesjauen der. Elevane vert flytta frå ein brukande skule til eit brakkemiljø på Lindås, som eit tillegg til den eksisterande elevmassen på Lindås. Skodvin-elevane er ikkje er skuld i at skuleutbygginga ikkje er unnagjort før dei kjem.

Skodvin skule har også sine utfordringar på bygningsmassen, og etterslepet på vedlikehald er også noko av bakgrunnen for nedlegginga. Politikarane må heilt klart gjera ei vurdering av kor mange skular Lindås kan ha, og nedleggingsrundar som denne har ein også hatt tidlegare. Samstundes kan det ikkje vera slik at Skodvin er grei å bruka dette skuleåret, og så er ubrukande over neste sommarferie.

Korvidt det vert noko Montessori-skule på Skodvin seinare, vil tida visa. Det er krevjande å starta privatskule. Med eit års utsetjing vil ein få svar på dette, samstundes som dei som vil flytta til Lindås, kan få ein betre situasjon kring skulebyttet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler