Veg for ei nær framtid
Selskapet Sambandet Vest As skal stiftast innan kort tid.
Endret 12.02.10 17:50
Det vil skje etter at Bergen kommune 22. mars har plukka ut sin representant til eit styre. Målet er å få til eit tverrsamband over Radøy, via Meland og Askøy og til Øygarden med ferje som siste etappe, for å knyta saman Mongstad og Kollsnes utan å måtta gå via Bergen.
På kartet er det teikna inn ferje frå Øygarden til Herdla, tunnel under sjøen til Meland, og veg vidare til Radøy, som frå før er knytt saman med Austrheim og Mongstad. Fornuftige argument står i kø for å få realisert eit slikt samband. Den såkalla «Gullvegen» vil blant anna gje ein stor og ny samla arbeidsmarknad av Nordhordland og vestlege delar av fylket.
Tungtrafikk mellom Mongstad og Kollsnes får kortare veg. Ein ekstra gevinst, blant anna for luftkvaliteten i Bergen sentrum, er at byen vert avlasta for mykje tungtrafikk. At Bergen kommune ser nytten i dette prosjektet og stiller seg bak med full tyngde, er avgjerande for å koma vidare.
Kor lett det vert å få prosjektet inn i Nasjonal Transportplan, er tidleg å ha ei sikker meining om. For Nordhordland er det i første runde maktpåliggjande å ha fullt fokus på den nye Nordhordlandspakken. Blandinga av lokale vegar og Nyborgtunnelen kan ha ein god sjanse å vera på plass det neste tiåret.
Får Radøy på plass det som manglar av RV 565, pluss ny Alversundbru, har Nordhordland fått eit kraftig vegløft.
Men nye statlege vegmillionar kjem ikkje rekande på ei fjøl, heller ikkje bompengar. Difor er det ikkje ein dag for tidleg at Sambandet Vest kjem formelt på plass med eit eige AS. Det politiske handverket og stayerevna vil avgjera.
Nordhordlandsbrua vart opna i 1994, etter at framsynte folk tok til å drøyma om prosjektet sist på 1950-talet. Om Stortinget etter kvart erkjenner at dagens vegsatsinga er for defensiv, kan det koma fleire statlege milliardar på bordet.
Statoil er frå før inne med forskot på den sist utbetra strekninga på RV57 ved Seim. Sjølv om selskapet og er etablert både på Mongstad og Kollsnes, er me meir usikre på om Statoil vil vera medspelar i eit så stort prosjekt som «Gullvegen». Men det går sjølvsagt an å spørja!
Bompengar kjem ein neppe utanom. Spaden kunne godt vore sett i jorda ikkje langt etter 2020, men det overraskar oss positivt om så skjer.
Men den som ser på kartet, ser at dette er eit framtidsretta prosjekt kommunane nord i Hordaland, og dermed heile fylket, vil ha stor nytte av å kjempa gjennom.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






