Viktig for lita bygd
Det nye kommunestyret i Masfjorden har vedteke å leggja ut på høyring ein plan for molo til Matresøya. Vert moloen realisert, er det ein gammal draum som går i oppfylling.
Endret 14.12.11 15:27
Molo med veg på toppen vil nemleg gje tilgang til attraktivt byggjeland, som det er manko på i kraftbygda ved E39.
Ein del av del av debatten den førre perioden har gått på om molo vil truga drifta ved Havbruksstasjonen, ein av dei viktige arbeidsplassane ved sida av BKK. Difor er det gjort undersøkingar på korleis ein molo kan påverka både vatn og straum- og istilhøve.
Breva frå Havbrukstasjonen har vore nokså kritiske, men no er konklusjonen at Havbruksstasjonen ikkje skal ha noko å frykta. Då går me ut frå at både bygdefolk og dei nye politikarane vil stilla seg positive til moloen. Det folkemøtet politikarane legg opp til i januar, bør få dei fastbuande til å stilla både med spørsmål og andre innspel.
Ein ny plan for Matre omfattar også ei ferdig-gjering av E39 gjennom den litt inneklemde bygda. Det og andre vegutbetringar og fortau er viktig. Likevel er det nye bustadtomter som må ha høgaste prioritet, også avdi nye forskrifter for rastruga område innskrenkar arealet som kan byggjast på.
I siste kommunestyre vart det ein debatt om kor mange tomter det i første omgang er lurt å få inn på ein reguleringsplan. Administrasjonen meiner det mest taktiske er 12 tomter i første runde, medan ein del politikarar synest det høyrest litt lite ut. I ei lita bygd som Matre vil 12 tomter vara i fleire år. Men ein skal heller ikkje undervurdera interessa når Masfjorden kan lokka med slike einebustadtomter på ei fin øy.
Me går ut frå at vert Matresøya først landfast, vert dette bygda sitt viktigaste byggjeland dei neste 60-70 åra. Då kan det kanskje vera naturleg å visa på kartet litt fleire enn 12 nye tomter. Og i ein kommune som Masfjorden trur me det er lurt å tilby tomter på kring eit mål. I dei sentrale delane av Nordhordland vert det vanskelegare og vanskelegare å oppdriva nye einebustadtomter av slik storleik. Det kan Masfjorden og andre kommunar skåra på å tilby.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






