Viktig signal
Lindås kommune har opna nytt publikumsmottak. Det er eit viktig signal.
Endret 24.08.10 11:01
Førre veke hadde Lindås festivitas på rådhuset med opning av ny publikums-ekspedisjon. Området der besøkjande vert møtt, har fått ei ansiktsløfting til kring 250.000 kroner. Omlegginga har sikra ein plass der folk som har byggjesaker, kvar dag skal finna folk som kan svara på spørsmål. Ein PC er og tilgjengeleg om ein til dømes kan fylla ut eit skjema via internett.
Lindås har som kjend satsa på eit svært ambisiøst slagord - ein stad «der draumar blir røyndom». I det målet inngår fleire verdiord, blant anna tenestevillig og inkluderande. I nokså lang tid har mange ikkje fått dette inntrykket i samband med byggjesaker. Grunnen er at kommunen hamna kraftig på etterskot og fekk bunkar med byggjesaker som ikkje vart behandla etter kvart. Å skjerma saksbehandlarar var nok eit lite velkome tiltak hjå dei som hadde spørsmål dei trong avklara. Å halda fram med det når byggjesakskøen stort sett er borte, ville vore eit dårleg signal utad. Me håpar at nyordninga vil fungera godt.
Reint fysisk er det ikkje snakk om noko stort område Lindås brukar til å ta imot publikum. Ein har tilpassa seg i eit rådhus som dreg litt på åra. Det er også eit rådhus som ikkje er stort nok til heile administrasjonen, slik at ein del tenester må publikum oppsøkja i leigde lokale, til dømes i Knarvik Senter.
Dersom Lindås gjer alvor av å utvida rådhuset, går me ut frå at det vert avsett litt meir areal til publikumsområde. Det har også å gjera med at lokalet der publikum skal hjelpast, må vera såpass romsleg at dei tilsette føler seg vel til å gjera ein god jobb.
Om ikkje publikum som møter opp i ekspedisjonen får hjelp der, går me ut frå at dei om muleg kan verta henviste til andre tilsette som kan gje konkrete svar. Stor pågang frå innbyggjarane kan verka stressande for tilsette som sit med søknader og saker å behandla ferdige. Men det er rett prioritert å bruka meir ressursar på å møta publikum på ein hyggeleg og effektiv måte. Vårt tips er at Lindås og tenkjer på å bruka heimesida si litt meir aktivt – slik nokre av nabokommunane gjer i større grad.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






